Bygde broennbaat paa 12 5 maanader
DÅP: Ro Arctic ved dåpen på Finnøya fredag. Den nye brønnbåten er 75,5 meter lang og lastar 3200 kubikkmeter.
Nytt

Bygde brønnbåt på 12,5 månader

Skroget kom rundt fire månader for seint frå Polen, men Larsnes Mek. Verksted tok att nesten heile det tapte. I dag vart brønnbåten "Ro Arctic" døypt.

07.11.2014
- Det har gått 12,5 månader frå kjølen vart strekt 15. oktober i fjor, til båten vert døypt i dag. Det er bra for ein så avansert båt, seier verftsdirektør Jarle Gunnarsein ved Sande-verftet.
Det er Rostein-reiarlaget på Harøya som har bestilt båten, som vert selskapet sin brønnbåt nummer elleve.
For fem år sidan leverte Larsnes Mek. Verksted brønnbåten "Ro Fjord" til Rostein, og Sande-verftet vart på nytt vald til å byggje det siste skipet.
- Vi har hatt eit godt samarbeid med Rostein, seier Jarle Gunnarstein.

Hektiske månader

Båten har vorte utrusta ved Sande-verftet, medan det var verftet Marine Project i polske Gdańsk som bygde skroget.
Gunnarstein opplyser at skroget eigentleg skulle vere ferdig i januar/februar, men kom først til Sande-verftet 9. juni.
- Det har vore nokre hektiske månader, og vi har klart å ta att mykje av det tapte, seier Gunnarstein.

Ingen tap

Han opplyser at verftet ikkje taper på forseinkinga.
- Nei, vi vert ikkje skadelidande, men vi har stått ekstra hardt på sidan reiarlaget har hatt fraktavtale på båten.
Den nye brønnbåten er designa i tett samarbeid mellom Rostein, Naviera Orca i Chile og Skipskompetanse i Måløy. Rostein-reiarlaget er medeigar i det chilenske reiarlaget Naviera Orcha.

Måløy-design

Prosjektet har medført fleire innovasjonar og vart i starten initiert som eit forprosjekt med støtte fra Innovasjon Norge - Sogn og Fjordane.
For Skipskompetanse i Måløy er prosjektet det hittil største for selskapet.
Kontrakten vart offentleggjort under havbruksmessa Aqua Nor i Trondheim i fjor.

Troms-oppdrag

Måløy-selskapet står bak leveranse av komplett design, klasse og produksjonspakke til Rostein. Det ligg også inne fleire opsjonar i kontrakten.
I ei pressemelding frå Rostein fredag vert det opplyst at båten i hovudsak vil frakte laks i Troms.
- "Ro Arctic" vil representere eit positivt bidrag og nye mulegheiter for våre øvrige kundar i nord-Norge.
- Rostein er stolte over å ytterleg forsterke sin posisjon i dette viktige området for oppdrettsnæringa og er trygg på at vi kan fortsette å bidra med kvalitetsrett og kostnadseffektive tenester til våre kundar i åra framover, skriv Rostein i meldinga.

Tyrkisk og spansk konkurranse

Larsnes Mek. Verksted har spesialisert seg på bygging av brønnbåtar og fiskefartøy, i tillegg til reperasjons- og vedlikehaldsarbeid.
Verftsdirektør Jarle Gunnarstein seier at verftet merkar auka konkurranse frå spanske og tyrkiske aktørar på bygging av fiskefartøy og brønnbåtar.
- Vi har ikkje nybyggingskontrakter klare no, men vi jobbar med mange spennande prosjekt, fortel han.
I påvente av nye kontrakter, vil Sande-verftet konsentrere seg om reperasjonsoppdrag og vedlikehaldsarbeid.
- Vi har bra med arbeid framover, seier Gunnarstein.

Pluss i fjor etter smell i 2012

Sande-verftet gjekk på ein smell i 2012, og hadde då eit resultat før skatt på minus 26,8 millionar kroner av ei omsetning på 339 millionar kroner.
I 2013 halverte omsetninga seg, men verftet tente på nytt pengar. Omsetninga stoppa på 162 millionar kroner, og resultatet før skatt vart pluss ti millionar kroner.

Publisert: 07.11.2014 14:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38