Maersk fryselager flatholmen illustrasjon maersk 22
FLATHOLMEN: Slik skal fryselageret Maersk-konsernet vil bygge på Flatholmen i Ålesund sjå ut. Illustrasjon: A.P. Moller – Maersk
Nytt

Bygger eitt av landets største fryselager

Maersk utvider i Ålesund.

Marius Rosbach
21.12.2022

Danske Maersk skal bygge eitt av dei største fryselagera i landet på Flatholmen i Ålesund.

Nybygget blir på kring 12.000 kvadratmeter og vil ha plass til 33.000 paller med sjømat, opplyser selskapet i pressemelding.

I drift frå starten av 2024
Fryselageret vil gjere at trafikken mellom andre delar av i verdikjeda blir redusert.

- Det nye avdelinga i Ålesund vil opne for at all last kan bli lagra direkte ved vårt kaldtlager på terminalen, i staden for å gå via mindre kaldtlagre i regionen, uttaler Birna Odefors, som leiar konsernet sitt arbeid i regionen,i meldinga.

Anlegget er venta å vere i full drift i løpet av første kvartal 2024.

Nøgd hamnefgod
Ålesund er allereie er den største mottakshamna for fiskeflåten, og utbygginga vil kople leveransane til Maersk vidare til transport via landevegen, eller til sjøs.

Hamnefogd Ole Christian Fiskaa meiner utvidinga til Maersk på Flatholmen vil bidra til meir verdiskaping og forretningsverksemd til regionen.

Ifølgje Maersk skal anlegget ha nullutslepp i operasjonane sine. Dei ventar óg å kunne hjelpe kundane til å redusere sine utslepp betydeleg, ifølgje meldinga.

Publisert: 21.12.2022 00:03

Sist oppdatert: 21.12.2022 00:14

Mer om