01 01 Mare Safety edit 2
HAVVIND: Mare Safety skal byggje støttefartøy til havvindoperasjonar. Foto: Mare Safety
Nytt

Byggjer spesialbåt for Rem Offshore

Mare Safety med støttefartøy til vedlikehald av vindmølleparkar.

27.07.2022

– Vard skal byggje fleire slike konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) til Rem Offshore si havvindsatsing. Desse skipa blir bygd for å støtte konstruksjon og vedlikehald av havvindmølleparkar, og vi er stolte av å kunne levere vårt kvalitetsprodukt som er spesielt tilpassa denne marknaden.

Det seier dagleg leiar Are Garshol i Mare Safety etter at selskapet har signert kontrakt med Vard for ein spesialbåt til Rem Offshore.

Båten, ein Mare DC12WM, skal overleverast til Vard saman med davit på vårparten 2023.

– Dette er ein spesialbåt tilpassa transport av mannskap og utstyr mellom CSOV og vindmøllene. Båten oppfyller dei nye strenge utsleppskrava som EU har pålagt skipsindustrien (Tier III), og vi har også oppgradert den med mykje flott ekstrautstyr for betre ytelse og komfort, fortel Torstein Teigene, produktsjef båt, i ei pressemelding.

Satsar på vindmarknaden
Han opplyser at Mare Safety dei siste åra har jobba målretta mot å bli den føretrekte leverandøren av spesialbåtar til vindmarknaden.

– Gjennom konstruktive tilbakemeldingar frå kundane våre har vi etter kvart skapt eit produkt som stiller i særklasse i dette segmentet. Det er gledeleg å sjå at arbeidet vi har lagt ned gir resultat.

Tilfredsstiller nye utsleppskrav
Kommersiell sjef i Rem Offshore, Ronny Pål Kvalsvik, seier i pressemeldinga at det er naturleg for selskapet velje lokale leverandørar når dei leverer internasjonale produkt på dette nivået.

- Samtidig har Mare føretatt ei oppgradering og vidareutvikling av båten med både gyro-stabilisering og ikkje minst at den no tilfredsstiller utsleppskrava i IMO Tier III-føreskrifta. Dette er veldig viktig for oss, og gjer at vi er trygge på at Mare og DC12WM er det rette produktet for Rem.

Partane har ikkje oppgitt verdien på kontrakten.

Publisert: 27.07.2022 16:45

Sist oppdatert: 27.07.2022 16:58

Mer om