Etter å ha arbeidd i snart to år med å utvikle ein ferdig utvatna vakumpakka klippfisk for kjøledisken, fekk Bacalaofabrikken nyleg innpass hos Rema 1000-butikkane frå Bergen til Trondheim.
- Det er første døra inn på forbrukarmarknanden, seier Sætre.
Fabrikken, som i mange år har seld gryteklar bacalao, satsar også på gryteklar klippfisk i rein form.
- Det er for å få opp forbruket av ein fantastisk råstoff, og skal du få det til må det vere gryteklart, seier dagleg leiar og medeigar Finn Elling Sætre.
Dei siste åra har strategien gitt Bacalaofabrikken ein kraftig vekst. I 2011 var driftsinntektene 3,9 millionar kroner, ifjor passerte driftsinntektene 8,4 millionar kroner.
Den sterke veksten held fram i år. Så langt ser det ut til at driftsinntektene vil passere 11 milionar kroner med god margin i 2014.
For ei så lita bedrift er utvikling av eit nytt produkt som den utvatna vakumpakka klippfisken eit stort løft.
Sætre anslår at utviklingskostnadane og investeringar i nytt utstyr som måtte til, har kosta over ein halv million kroner.
Vekst er heilt naudsynt for å få opp lønsemda og bere utviklingskostnadane, seier han.
Det er lettast å starte i storhushaldningsmarknaden, seier Sætre. Å vinne innpass hos butikkkjeden tek både lenger tid, og er meir arbeidskrevjande, men målet er å vekse seg større der.
Den ferdige bacalaoen blir seld hos alle kjeder over heile Noreg og målet er å oppnå det same også for den utvatna klippfisken.
- Det er første døra inn på forbrukarmarknanden, seier Sætre.
Fabrikken, som i mange år har seld gryteklar bacalao, satsar også på gryteklar klippfisk i rein form.
- Det er for å få opp forbruket av ein fantastisk råstoff, og skal du få det til må det vere gryteklart, seier dagleg leiar og medeigar Finn Elling Sætre.
Sterk vekst
Akkurat som Dypvik as i Sula satsar Bacalaofabrikken på å nå forbrukarane på den norske marknaden med klippfiskprodukta sine.Dei siste åra har strategien gitt Bacalaofabrikken ein kraftig vekst. I 2011 var driftsinntektene 3,9 millionar kroner, ifjor passerte driftsinntektene 8,4 millionar kroner.
Den sterke veksten held fram i år. Så langt ser det ut til at driftsinntektene vil passere 11 milionar kroner med god margin i 2014.
Fire tilsette
Bacalaofabrikken har fire tilsette, pluss tilkallingshjelp før høgtidene.For ei så lita bedrift er utvikling av eit nytt produkt som den utvatna vakumpakka klippfisken eit stort løft.
Sætre anslår at utviklingskostnadane og investeringar i nytt utstyr som måtte til, har kosta over ein halv million kroner.
Vekst er heilt naudsynt for å få opp lønsemda og bere utviklingskostnadane, seier han.
Mest storhushaldingar
Førebels er det salet til storhushaldningar - storkjøken og restaurantbransjen - som tel mest for Bacalaofabrikken. Rundt 60 prosent av salet går til den delen av marknaden, fortel Sætre.Det er lettast å starte i storhushaldningsmarknaden, seier Sætre. Å vinne innpass hos butikkkjeden tek både lenger tid, og er meir arbeidskrevjande, men målet er å vekse seg større der.
Den ferdige bacalaoen blir seld hos alle kjeder over heile Noreg og målet er å oppnå det same også for den utvatna klippfisken.
Publisert: 04.12.2014 06:30
Sist oppdatert: 17.11.2024 17:05






