Byr 18 prosent over boerskurs
STARTA BALLET: Etter at Sævikfamilien kjøpte seg opp i Fjord1 har også Frederik Wilhelm Mohn kjøpt fleire aksjar. No har ein ny og ukjent investor meldt seg. Konsernsjef Dagfinn Neteland har fått færre eigarar å forhalde seg til.
Nytt

Byr 18 prosent over børskurs

Investor vil kjøpe minst fem prosent av aksjane i Fjord1.

11.02.2020
Ein ikkje namngitt investor byr 45 kroner pr. aksje i Fjord 1 og har sett i morgon, tysdag 11. februar, som frist for å svare.
Bodet er 18 prosent over dagens kurs.
Investoren har gitt Arctic Securities jobben med å få tak i seljarar. Fem prosent av aksjane utgjer fem millionar aksjar. Dersom det er fleire aksjar til sals til 45 kroner pr. aksje har investoren sikra seg retten til å kjøpe meir enn fem prosent av selskapet.

Strid etter Sævik-kjøp

Gjennom investeringselskapet Perestroika kjøpte Bergens-investoren Frederik Wilhelm Mohn i slutten av januar 377.260 aksjar i Fjord1 og passerte dermed 10 prosent eigarskap i det børsnoterte ferjereiarlaget.

Mohn trekte seg frå styret i Fjord1 i desember 2019 etter at majoritetseigaren, Sævikfamiliens selskap Havilafjord og Havilafjord Holding, kjøpte seg opp frå 51 prosent eigarskap til å eige 66,5 prosent av selskapet. I partnerskap med amerikanske Vision Ridge Partners kontrollerer Sævikfamilien og det amerikanske selskapet 70,35 prosent av aksjane i Fjord1.

Meir verdt

I dag er Fjord1-aksjen handla til mellom 30 og 38 kroner pr. aksje.
Då Mohn trekte seg frå styret sa han at han meinte selskapet var verdt meir enn 45 kroner pr. aksje, som var prisen Havila og Vision Rigde Partners betalte for å kjøpe seg opp.

Publisert: 11.02.2020 08:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52