Bærekraftsvinnar fekk knekk i fjor
Sula-bedrifta har resepten klar for å møte auka konkurranse – og eigarane tek nytt solid utbyte.
Både inntekter og lønnsemd gjekk ned for Sula-bedrifta Mittet i fjor. Det viser rekneskapen som nyleg blei offentleg.
Etter at omsetninga peika bratt opp i 2020, og nær dobla seg til 130 millionar kroner, bikka inntektene så vidt under 100 millionar i fjor (sjå tabell under).
Sjølv om overskotet også vart mindre enn rekordåret 2020, gir eit resultat før skatt på 16 millionar, ein solid resultatmargin på meir enn 16 prosent.
Fekk bærekraftpris i fjor
Den tradisjonsrike bedrifta blei startet opp i 1946 og er leia av administrerande direktør Reidar Mjelde. I fjor blei bedrifta tildelt Bærekraftprisen 2021 av Sparebank 1 SMN.
Mittet er i dag eigd av to familiar etter at Mjelde kom inn som sjef. Mjelde eig 51 prosent gjennom ulike familieselskap, medan Mittet-familien har 44 prosent og Jan Aaland eig fem prosent.
Bedrifta har sidan oppstarten laga tekstiler av ulike slag. I
hovudsak har dei basert seg på syntetiske tekstilfibre, som etter kvart
er nytta i ei lang rekke produkt – og som underleverandør til annen
industri.
Selskapet har óg gjennom ei årrekke hatt leveransar til NATO - ein form for overtrekkssko, og er Europas største produsent av pels til malerull.
Mittet (konsern) |
|||
Årsresultat (i mill kr) |
2021 |
2020 |
|
Driftsinntekter |
99,8 |
130 |
|
Driftsresultat |
16,2 |
31,2 |
|
Resultat før skatt |
16,8 |
31,3 |
Investerer for å møte konkurransen
I årsrapporten påpeiker leiinga at konkurransen er tøffare. Likevel ventar dei ei moderat auke i inntektene i år.
For å møte konkurransen både på heimemarknaden og eksportmarknaden, vil bedrifta auke effektiviteten ved å rasjonalisere og investere i maskiner, automatar og utstyr.
Bedrifta har produksjon både i Vegsund, Mauseidvåg og Litauen. Leiinga ventar at ei satsing i deira litauiske dotterselskap, vil bidra til drifta i Norge.
Utbytte på 26 millionar siste to år
Mittet-sjef Reidar Mjelde fortalde til NETT NO i fjor haust at dei i
liten grad har vore påverka av pandemien. Det er framleis situasjonen
når leiinga oppsummerer ståa i årsrapporten.
Dei vurderer også likviditeten som god, og at det er rom for å ta ut ti millionar i utbytte. Etter at det i ei årrekke knapt har vore teke utbytte, vart det også i 2020 teke 16 millionar i utbyte til eigarane.
Bedrifta har ein eigenkapital på 28 millionar og har knapt langsiktig gjeld.
Publisert: 21.07.2022 08:53
Sist oppdatert: 21.07.2022 13:46