Berekraftpris til 75-åring i vekst
Berekraftstrategi og økonomisk vekst ga heider til Mittet. Sula-bedrifta ventar fleire gode år med ny familie på eigarsida.
Trass pandemien er det gode tider for Sula-bedrifta Mittet som har vore i drift i 75 år.
I fjor leverte dei eit knallresultat både i omsetning og lønnsemd.
Før helga tok administrerende direktør Reidar Mjelde i mot
Bærekraftprisen 2021 av Sparebank 1 SMN.
Samtidig kunne han fortelje at fjoråret var eit ekstraordinært bra år, men at 2021 ikkje er mykje dårlegare.
– Mittet har lagt bak seg eit svært godt år med positiv utvikling på alle forretningsområder - ventilasjon, møbel, tekstil og spesialprodukt. Det er også venta vidare vekst i 2022, fortel Mjelde til NETT.NO.
Mittet-sjefen fortel at dei har nytta dei siste åra til å jobbe med ny strategi for bærekraft og blitt miljøsertifisert etter ISO 14001-standarden. Mellom anna målar dei alle vesentlege miljøaspekt, og har sett i verk tiltak for å redusere klimaavtrykket frå verksemda.
I grunngjevinga til Sparebank 1 SMN-juryen heiter det at bedrifta har «forplikta seg til å jobbe kontinuerleg for ein berekraftig produksjon med høg grad av resirkulerte råvarer».
Mjelde fortel at temaet er viktig både i styrerommet, strategidiskusjonane og i kvardagen. Med andre ord var det ikkje tilfeldig at Mittet vann bærekraftprisen som blei delt ut på Color Line i Ålesund fredag.
(saka held fram under)
Bedrifta har sidan oppstarten laga tekstiler av ulike slag. I hovudsak har dei basert seg på syntetiske tekstilfibre, som etter kvart er nytta i ei lang rekke produkt – og som underleverandør til annen industri.
Selskapet har óg gjennom ei årrekke hatt leveransar til NATO. Produktet er ein form for overtrekkssko, som gjer at soldatane held varmen på føtene under kalde forhold.
Konsernet er óg Europas største produsent av pels til malerull, i tillegg til at dei leverar tekstil til møblar, arbeidsklær, bygg og ventilasjonsanlegg.
Solid rekordår i fjor
Etter at konsernomsetninga har vore på vel 100 millioner årleg, gjorde den eit hopp i fjor til 130 millionar. Overskottet enda også med ny rekord, 31 millionar før skatt - og ein driftsmargin på 23 prosent.
Mjelde fortel at dei i liten grad har vore påverka av pandemien. Etter ein liten knekk på møbelmarknaden nokre veker etter mars 2020, har det stort sett vore full fart her også.
– Vi enda over budsjett i fjor, og det same gjer vi i år, fortel han.
(saka held fram under)
Mittet (konsern) | ||
Årsresultat (i mill kr) |
||
2020 |
2019 |
|
Driftsinntekter |
129,6 |
80 |
Driftsresultat |
26,6 |
- |
Res. før skatt |
32,8 |
12,4 |
Mjelde-familien inn på eigarsida
Mittet er i dag eigd av to familiar etter at Reidar Mjelde kom inn som sjef og på eigarsida for eit par år sidan.
Gjennom familieselskapet Rim Invest eig Mjelde 51 prosent. Mittet-familien har 44 prosent og Jan Aaland eig fem prosent. Eierskapet omfattar også dotterbedrifta Mittet UAB i Litauen.
Utfordring å rekruttere – også ufaglærte
Konsernet har kring 70 tilsette og litt over
halvparten av dei er i Norge. Det siste året har dei fått inn fleire nye
tilsette innan sal og forretningsutvikling - eit ledd i satsinga
vidare.
– Vi har også bruk for ufaglært arbeidskraft som vi kan gi ei moglegheit til å utvikle seg i bedrifta, fortel Mjelde.
Han kan skrive under på at dei også opplever
rekrutteringsutfordringane som Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN trekte
fram i sitt innlegg på Color Line.
Kring halvparten eksport
Produksjonen til Mittet skjer ved tre fabrikkar - i Vegsund, Mauseidvåg
og i Litauen. I tillegg leiger dei produksjonskapasitet i Estland. Rundt
halvparten av omsetninga er å rekne som eksport.
– Alt blir styrt frå Norge og fabrikkane våre her heime, opererer hovudsakleg på den norske marknaden, medan dei to produksjonseiningane vi har i utlandet, for det meste leverer til den internasjonale marknaden, fortel han.
E15/S2 Bærekraft i næringslivet
Publisert: 13.12.2021 05:55
Sist oppdatert: 13.12.2021 11:09