Aksjane i industrikonsernet Endúr steig 20,81 prosent i dag og aksjen blei dagens soleklare vinnar på Oslo Børs.
Selskapet la fra kvartalsrapporten for 1. kvartal 2022 før børsen opna i dag tidleg, og investorane i aksjemarknaden likte det dei fekk høyre.
Selskapet betrar lønsemda, gjelda er på veg ned i den grad at konsernet t vurdere at det kan få ny og rimlegare finansiering, samstudes som ordrereserven er solid og forventingane til komande vekst stor.
Les også
Artec Aqua i Ålesund er største og viktigaste selskap i konsernet. Selskapet teiknar og prosjekterer landbaserte oppdrettsanlegg.
Artec Aqua-grunnleggarane Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland selde i januar 2021 selskapet til Endúr for 690 millionar kroner, der halvparten av kjøpesummen vart betalt med aksjar i Endùr.
Handelen gjorde dei tre til største eigar i Endùr og aksjeposten vart verdsett til 345 millionar kroner då dei tok over. Dessverre for både dei og resten av Endùr-eigarane har svake resultat og fleire negative nyhende frå selskapet gjort at aksjekursen har falle i rykk og napp.
Like etter at Artec Aqua blei ein del av Endúr-konsernet var aksjekursen oppe i 1,51 kroner per aksje. Før børsen opna i dag var aksjekursen 0,42 kroner per aksje, like over botnnoteringa på 0,40 kroner per aksje ved børsslutt tysdag 10. mai.
| Børsdagen | ||
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Endúr | 0,549 | 31,34 % |
| Hexagon Purus | 31,74 | 15,33 % |
| Hexagon Composites | 32,5 | 12,22 % |
| Hav Group | 16,58 | 5,47 % |
| Smartcraft | 15 | 5,04 % |
| Arctic Bioscience | 15 | 3,45 % |
| Golden Energy Offshore Services | 1,35 | 3,05 % |
| Salmon Evolution | 8,02 | 2,95 % |
| Havila Kystruten | 19,95 | 1,27 % |
| Statt Torsk | 2,32 | 0,87 % |
| Havyard Group | 6,7 | 0,00 % |
| Sparebanken Møre | 80 | 0,00 % |
| Havila Shipping | 7,6 | -1,43 % |
| Nortel | 17,3 | -1,70 % |
| Hofseth Biocare | 4,09 | -6,62 % |
| Atlantic Sapphire | 19,4 | -6,82 % |
Publisert: 13.05.2022 16:37
Sist oppdatert: 13.05.2022 17:30






