Havila Castor dåp Per Sævik Foto Havila Kystruten 11
DÅP: Havila Kystruten håpar at dei snart har alle sine fire skip i drift. Her blir skip nummer to døypt i Ålesund. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Børsdagen: Fekk ikkje løft etter godt nytt

Verken Kystruten og Hav Group imponerte investorane.

Marius Rosbach
31.05.2023

To selskap frå Nordvestlandet, Havila Kystruten og Hav Group, kom med det som isolert sett er positive nyheiter for selskapa.

Likevel fekk ingen av dei opptur på børsen etterpå.

Hav Group melde tidleg onsdag at dei er industriell partnar og medeigar i eit selskap som utviklar eit anlegg som spaltar hydrogen ut av ammoniakk. Dei håpar at arbeidet skal opne ein ny marknad.

Investorane sendte Hav Group-aksjen opp i første omgang, men etterpå fall den til eit lågare nivå enn før nyheita.

Aksjen slutta dagen med ein kurs på 9,5 kroner – og ein oppgang på 1,06 prosent.

Havila Kystruten kunne onsdag fortelje at dei skal møte ein rekke investorar i arbeidet med å låne kring 4,7 milliardar kroner.

Arctic Securities, Fearnleys Securities og Nordea er leigd inn for å hjelpe til med å få på plass eit treårig obligasjonslån på 390 millionar euro.

Investorane reagerte med å sende aksjen ned – og vart på eit tidspunkt handla til 6,1 kroner – som er tangering av den tidlegare botnnoteringa for aksjen.

Saman med Havila Shipping, var reiarlaget dagens børstapar frå regionen.

Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein nedgang på 0,93 prosent til 1198,54.

Sjå børstabell for Nordvestlandet

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience 9,38 5,39 %
Hexagon Purus 24,3 4,97 %
Golden Energy Offshore Services 0,94 4,44 %
Salmon Evolution 7,22 1,69 %
Statt Torsk 0,538 1,51 %
Hav Group 9,5 1,06 %
Hexagon Composites 27,56 0,88 %
Atlantic Sapphire 5,35 0,38 %
Sparebanken Møre 75,7 0,26 %
Endúr 40 0,00 %
Nortel 30,8 0,00 %
Hofseth Biocare 3,14 -0,95 %
Norva24 Group * 26,1 -1,32 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,01 -2,90 %
Havila Kystruten 6,3 -3,08 %
Havila Shipping 14,22 -3,92 % |

Publisert: 31.05.2023 17:03

Sist oppdatert: 31.05.2023 17:07

Mer om