Børsdagen: Høgaste aksjekurs sidan 2018
Dagens vinnar på Oslo Børs er frå Nordvestlandet.
To dagar etter at offshore-reiarlaget Havila Shipping la fram tal for 1. kvartal stig aksjekursen med 28,76 prosent.
Det er den størst kursauken på Oslo Børs i dag.
Då børsen stengte i ettermiddag var kursen i Havila Shipping 12 kroner per aksje. Det verdset reiarlaget til 285 millionar kroner og er ein auke på 327 prosent samanlikna med for eitt år sidan.
Kursen har ikkje vore høgare sidan tidleg i januar 2018.
Etter at kvartalsrapporten var offentleggjort har ikkje Havila Shipping kome med fleire børsmelding.
Det er nærliknande å tolke kursoppgangen i dag som ein litt forseinka reaksjon på kvartalsrapporten som blei lagt fram onsdag denne veka. Aksjespekulantane har hatt ein heilagdag i mellomtida til å rekne på 1. kvartalstala, og ser ut til å ha likt det dei såg.
Onsdag fall aksjekursen i både Hexagon Purus og Hexagon Composites over 10 prosent etter at det blei kjent at ein mogleg 10-milliardkontrakt for Hexagon Pursus ikkje blir noko av.
Fredag henta aksjekursen i dei to selskapa litt av det tapte og var to av dei i alt 11 børsnoterte selskap frå Nordvestlandet som blei meir verdt i dag (sjå tabell).
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Shipping | 12 | 28,76 % |
Hexagon Composites | 33,14 | 5,01 % |
Hav Group | 16,2 | 4,65 % |
Golden Energy Offshore Services | 2,11 | 3,43 % |
Hexagon Purus | 32,44 | 3,25 % |
Endúr | 0,58 | 3,02 % |
Atlantic Sapphire | 24,76 | 1,06 % |
Sparebanken Møre | 79,8 | 1,01 % |
Havila Kystruten | 18,8 | 0,80 % |
Arctic Bioscience | 15,6 | 0,65 % |
Statt Torsk | 2,32 | 0,43 % |
Hofseth Biocare | 3,94 | -0,25 % |
Havyard Group | 8,8 | -1,12 % |
Salmon Evolution | 8,6 | -1,15 % |
Smartcraft | 15,6 | -1,89 % |
Nortel | 17,4 | -6,95 % |
Publisert: 27.05.2022 17:17
Sist oppdatert: 27.05.2022 17:57