306755320 542588127669173 4918703312421682514 n
LARSNES: Larsnes Mek. Verksted har snart klar sin nye dokkhall. No melder majoritetseigar Rostein at ein legg på is bygging av nye brønnbåtar. Bakgrunnen er grunnenteskatten i havbruk. Foto: Larsnes Mek. Verksted
Nytt

Børsdagen: Råkar langt fleire enn oppdrettsselskapa

Forslaget om grunnrenteskatt i havbruk rammar langt fleire enn dei store lakseoppdrettarane.

29.09.2022

Dei store oppdrettsselskapa heldt fram nedturen torsdag etter at regjeringa onsdag varsla innføring av grunnrenteskatt på 40 prosent.

Fleire av dei mindre selskapa og dei som satsar på landbasert oppdrett har derimot klart seg bra ettersom landbasert oppdrett er halde utanfor, og at det er sett eit botnfrådrag på mellom 4.000 og 5.000 tonn. Det betyr at 65-70 prosent av selskapa ikkje vert råka.

Men det er ikkje berre dei store oppdrettsselskapa som får merke konsekvensane av den nye skatten. Torsdag var det fleire selskap som melde om at dei sette store investeringar på vent. Av desse var brønnbåtselskapet Rostein, som varsla at bygginga av nye brønnbåtar i Norge lagt på is ettersom selskapet sitt nybyggingsprogram var bygt på forventa laksevekst i Norge. Dette rammar spesielt Larsnes Mek. Verkstad, som Rostein er majoritetseigar av, og som har utrusta dei nye Rostein-båtane.

Spekulasjon rundt lekkasjer
Det har ikkje vore like stort fokus på den auka skatten for kraftselskapa, men torsdag melde kraftselskapet Lyse at ein skrinlegg inntil vidare investeringar på inntil fem milliardar kroner i oppgradering av vasskraftverk.

Elles har iLaks hatt fleire artiklar der det vert spekulert i om børssensitiv innsideinformasjon var ute før regjeringa lanserte sitt skatteforslag, som førde til at børsverdiar til 55,9 milliardar kroner forsvann frå dei store oppdrettsselskapa onsdag.

Det vert vist til at lakseaksjane fall i forkant av nyheita, og at både VG og DN tysdag, dagen før pressekonferansen, hadde leiarartiklar der dei lovprisa ei innføring av grunnrenteskatt for havbruk.

Mowi har varsla at ein vil kjempe mot skatteforslaget, men ettersom partia Raudt, MDG og SV har helsa det velkomen, er det lite truleg at det vert stoppa i Stortinget. Mowi fall ytterlegare 3,2 prosent torsdag.

Fall gjorde også Atlantic Sapphire og Salmon Evolution, sjølv om dei ikkje er omfatta av den nye skatten.

Kjøper tilbake aksjar
Havyard Group melde torsdag at selskapet har starta eit program for tilbakekjøp av aksjar. Maksimalt skal det kunne kjøpast tilbake 7.198.731 aksjar i perioden 29. september i år til 30. juni neste år. Arctic Securities er leigd inn for å stå for tilbakekjøpa.

Aksjen steig 2,94 prosent.

Endúr melde for sin del at selskapet hadde kjøpt tilbake obligasjonslån for totalt 45 millionar kroner. Selskapet sit framleis med 90 millionar kroner i obligasjonslån.

Selskapet, som blant anna eig Artec Aqua, har sagt at bakgrunnen for tilbakekjøpet er at ein vil styrke sin finansielle fleksibilitet. Aksjen steig torsdag 1,69 prosent.

GEOS-hopp
Av selskapa heimehøyrande i nordvest var det Golden Energy Offshore Services som gjorde det best, med ein kursauke på 7,39 prosent.

Hovudindeksen starta positivt, men i takt med dårlege USA-tall fall til slutt 1,58 prosent til 1.079,64 poeng – og er dermed ned 10,1 prosent så langt i 2022.

Ved børsslutt vart eitt fat nordsjøolje handla til 88,62 dollar fatet, ned 0,6 prosent.

Børsdagen for selskapa på Norvestlandet:
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services 2,18 7,39 %
Havyard Group 3,5 2,94 %
Norva24 Group* 30,69 1,89 %
Endúr 24,71 1,69 %
Hofseth Biocare 3,4 0,89 %
Havila Kystruten 17,85 0,00 %
Statt Torsk 2,09 -0,48 %
Sparebanken Møre 69,25 -0,79 %
Hexagon Purus 19,2 -0,93 %
Nortel 19,3 -1,03 %
Hexagon Composites 22,88 -1,29 %
Havila Shipping 7,69 -2,04 %
Atlantic Sapphire 10,77 -2,80 %
Arctic Bioscience 12,44 -3,49 %
Salmon Evolution 7,9 -3,66 %
Hav Group 9,5 -5,00 %
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 29.09.2022 15:57

Sist oppdatert: 11.11.2022 09:54

Mer om