– Sett eit sjokk i næringa
Oppdrettsverksemda til Roger Hofseth råka av nye skattereglar. Tar tenkepause for å sjekke konsekvensane.
Roger Hofseth eig det største oppdrettsselskapet på Nordvestlandet med lokal eigar. Konsernet vil bli råka av dei nye skattereglane regjeringa no har lagt fram.
Onsdag ettermiddag bad Hofseth om meir tid til å svare på kva konkrete konsekvensar skatteforslaget får.
– Vi kan ikkje kommentere enno – då vi ikkje veit. Men dokke kan sjå på børsverdiar på oppdrettssselskap. Verdiar kollapsar og klart dette sett eit sjokk i næringa, skriv Roger Hofseth i ein e-post til NETT NO.
Har planar om milliardinvesteringar
Hofseth har som kjent ein rekke oppdrettsanlegg i regionen, og planar om
å vekse meir. Berre dei siste vekene har NETT NO omtala investeringar i
det lukka anlegget «Egget» og eit nytt kjempeanlegg for landbasert
oppdrett i Storfjorden.
NETT NO har også spurt Hofseth om skatteskjerpinga kan sette nokre av investeringsplanane i fare.
Nokre timar seinare sender Hofseth følgjande svar:
«Det siste skattetiltaket fra regjeringen har svært alvorlige konsekvenser for Hofseth. Den samlede økningen i skattetrykket for næringen det siste året er dramatisk, og skaper stor uforutsigbarhet. Hvor dramatisk regner vi på nå, og vi kommer tilbake med ytterligere kommentar når vi kjenner konsekvensene».
Dei minste slepp skatten
Regjeringa har foreslått eit innslagspunkt for skatten på 4000-5000 tonn biomasse årleg.
Etter det NETT NO forstår, vil ikkje andre oppdrettsselskap som er eigd på Nordvestlandet bli råka av den nye skatten regjeringa ønsker seg.
Dei andre lakse- eller ørretanlegga på Nordvestlandet er eigd av større aktørar som Mowi og Salmar. Reaksjonane derifrå har vore kraftige.
Også Sjømat Norge, Venstre-politikar Pål Farstad og Høgre-politikar Monica Molvær var mellom dei som var raskt ute med å åtvare om konsekvensane.
Meiner regjeringa tenker kortsiktig
Rostein-topp Glen Bradley meiner regjeringa tenker kortsiktig.
Han samanliknar det samla skattetrykket laksenæringa får i form av auka formueskatt for eigarane – og no grunnrenteskatt for selskapa – blir som å utstyre Karsten Warholm med ein ryggsekk fylt med stein og nokre kilo mjølkekartongar på beina.
– Det er vi faktisk i ferd med å gjere, med den gullvinnaren som norsk laksebransje er i internasjonal samanheng. Eg meiner det er grunn til å vere bekymra, legg han til.
Eg meiner det er grunn til å vere bekymra
Publisert: 28.09.2022 15:14
Sist oppdatert: 11.11.2022 10:01