Gunnar Larsen Hav Group Skjermbilde foto Hav Group
BØRSRAKETT: Dei siste dagane har Hav Group, med Gunnar Larsen som sjef, vore børsraketten på Nordvestlandet.
Nytt

Børsdagen: Kraftig kursvekst for Hav Group

På fem dagar har Hav Group-aksjen stige 37 prosent. Sjekk dagens børstabell.

02.02.2023

Torsdag var femte børsdag på rad kursen i Hav Group steig i verdi.

26. januar var kursen 8,40 kroner aksjen, som er botnnoteringa til selskapet. I dag steig kursen 6,48 prosent til 11,50 kroner.

Den kursen verdset Hav Group til 402,5 millionar kroner. Kursen er i dag på sitt høgaste sidan midten av september 2022.

  • 27. januar varsla Hav Group at datterselskapet Norwegian Electric Systems skal levere energidesign og styringssystem til to vindkraftskip som skal byggast hos Cemre Shipyard i Tyrkia for GC Rieber Shipping.
  • 17. januar melde Hav Group at datterselskapet Hav Design skal teikne eit vindkraftfartøy til eit amerikansk havvindprosjekt.
  • 3. januar kom meldinga om at Norwegian Electric Systems skal levere batteripakkar til eit Volstad Maritime-fartøy.
  • I tillegg har Hav Group eit program for tilbakekjøp av eigne aksjar gåande.

Summen av alt dette kan vere årsaka til kursauken.

Hav Group blei børsnotert i mars i 2021, etter at det var skild ut frå dåverande Havyard Group. Ved børsnotering var kursen 15,50 kroner aksjen.

Selskapet omfattar fire datterselskap Hav Hydrogen (lagar løysingar for bruk av hydrogen som energiberar om bord i skip) , Hav Design (skip- og utstyrsdesign), Norwegian Electric System (energikontroll- og engerigstyresystem for skip) og Norwegian Greentech (system for handtering av ballastvatn).

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,605 7,00 %
Hav Group 11,50 6,48 %
Hexagon Purus 28,16 5,79 %
Arctic Bioscience 11,30 4,63 %
Hexagon Composites 35,96 2,74 %
Salmon Evolution 8,20 1,99 %
Endúr 28,00 1,89 %
Atlantic Sapphire 9,995 -0,25 %
Norva 24* 35,20 -1,35 %
Havila Kystruten 10,65 -1,39 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,90 -1,69 %
Sparebanken Møre 80,69 -1,78 %
Hofseth Biocare 2,95 -2,32 %
Statt Torsk 1,55 -3,73 %
Havila Shipping 19,16 -4,20 %
Nortel 19,90 -11,16 %
*Svenske kroner

Publisert: 02.02.2023 17:18

Sist oppdatert: 02.02.2023 17:50

Mer om