Aksjekursen fall frå handelen på børsen starta klokka ni onsdag, og flata ut mot slutten av formiddagen på eit nivå like over botnnoteringa på 9,43 kroner aksjen frå 28. oktober i år.
Ved børsslutt var kursen 9,79 kroner aksjen, 13,82 prosent under sluttkurs tysdag.
Onsdagens kurs verdset selskapet til 343 millionar kroner, 55 millionar kroner mindre enn dagen før.
Droppar oppkjøp
Hav Group vil mellom anna bruke
oppkjøp for å vekse, og varsla i sommar ein intensjonavtale om å kjøpe
sin mangeårige samarbeidspartnar Høglund Marine Solutions i Vestfold.
Eit oppkjøp vil utløyse samanslåingsgevinstar, og passe godt saman med Hav Group sitt datterselskap Norwegian Electric Systems, skreiv Hav Group i ei børsmelding i juni år år.
Høglund Marine Solutions hadde 380 millionar kroner i driftsinntekter i fjor og har 90 tilsette. Den omsetninga utgjorde over 40 prosent av driftsinntektene til Hav Group i fjor.
I kvartalsrapporten fortel Hav Group at oppkjøpet ikkje blir noko av.
Fire selskap
Hav Group omfattar fire datterselskap; Hav Hydrogen (lagar løysingar for bruk av hydrogen som energiberar om bord i skip), Hav Design (skip- og utstyrsdesign), Norwegian Electric System (energikontroll- og engerigstyresystem for skip) og Norwegian Greentech (system for handtering av ballastvatn).
Då selskapet vart børsnotert i mars 2021 var kursen 15,50.
| Børsdagen | ||
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Havila Shipping | 12,38 | 7,65 % |
| Atlantic Sapphire | 7,40 | 5,94 % |
| Nortel | 20,20 | 3,06 % |
| Salmon Evolution | 8,22 | 1,23 % |
| Golden Energy Offshore Services | 1,65 | 0,92 % |
| Hexagon Composites | 28,56 | 0,56 % |
| Sparebanken Møre | 77,80 | 0,03 % |
| Norva 24* | 34,00 | 0,00 % |
| Hofseth Biocare | 2,79 | 0,00 % |
| Arctic Bioscience | 14,50 | -0,68 % |
| Endúr | 33,95 | -0,73 % |
| Havila Kystruten | 19,80 | -0,75 % |
| Statt Torsk | 2,00 | -0,75 % |
| Hexagon Purus | 24,04 | -3,84 % |
| Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,96 | -5,88 % |
| Hav Group | 9,79 | -13,82 % |
| *Svenske kroner |
Publisert: 30.11.2022 16:44
Sist oppdatert: 30.11.2022 17:59






