Børsdagen: Ny botnnotering for kystruten
Få lyspunkt for selskap frå Nordvestlandet måndag.
Det var små utslag på Oslo børs for dei fleste selskapa med base på Nordvestlandet måndag.
Havila Kystruten-aksjen gjekk ned med 4,37 prosent og enda måndagen med ny botnnotering på 16,02 kroner aksjen.
Herøy-selskapet blei notert på Euronext Growt-indeksen ved Oslo Børs i august i fjor og var då prisa til 1,15 milliardar.
Med dagens aksjekurs er marknadsverdien nede i 795 millionar kroner.
Russisk långivar i trøbbel
Usikkerheit kring reiarlaget sin leasingkontrakt med det russiske selskapet GTLK, er truleg mykje av årsaka til nedturen. Selskapet som er eigd av den russiske staten, er ikkje ramma av sanksjonane, men har fått økonomiske utfordringar.
Blant dei store kundane er Aeroflot, som er nekta flyge i store deler av europeisk luftrom etter at Russland angrep Ukraina.
Det neste store målet for kystruten etter at Havila Capella blei sett i rute seint i fjor, er å få sett Havila Castor i drift i starten av mai.
Nedtur for laks og hydrogen
Både Hexagon Purus og Salmon Evolution enda måndagen i minus med høvesvis 1,32 og 2,3 prosent etter å ha sendt ut positive nyheiter tidleg på dagen.
Hydrogenselskapet starta dagen med å melde at dei skulle starte bygging av fabrikk og ny avdeling i Kina, medan oppdrettsselskapet kunne melde at smolten ved anlegget på Indre Harøy var kome i karet.
Også storeigar i Hexagon Purus, Hexagon Composites, gjekk ned og enda på 0,82 prosent minus.
Statt Torsk kom også med positive nyheiter tidleg på dagen og var ei stund mellom dagens børsvinnarar. På slutten av dagen enda dei likevel ned med 2,31 prosent.
Publisert: 28.03.2022 16:43
Sist oppdatert: 28.03.2022 23:03