Bygger fabrikk og utviklingsavdeling i Kina
Går vidare med planane som hydrogenselskapet trur vil opne stor marknad.
Hexagon Purus har signert en avtale med sine kineiske partnere i Cimc Enric om å bygge ein fabrikk for produksjon av hydrogensylinderne og montering av system.
Bygginga blir starta opp i løpet av andre kvartal i år, opplyser selskapet i en børsmelding måndag.
Fabrikken vil sette standarden for automatisert produksjon for hydrogenmarknaden i Kina og i Søraust-Asia, ifølgje selskapet med hovudkontor i Ålesund.
Les også
Aksjemarknaden verka reagere temmeleg likegyldig til nyheita måndag føremiddag.
Ved 10-tida peika verdien på Purus-aksjen svakt ned - og det same for Hexagon Composites.
Hexagon Composites, er største eigar i Hexagon Purus. Knut Flakk og familien er nest største eigar i Hexagon Composites.
Hexagon Purus har også inngått ein avtale om å opne ei ny avdeling, Cimc-Hexagon New Energy Technologies, ved eit utviklingssenter for hydrogen i Beijing.
Administrerande direktør Morten Holum seier dei har som mål å vere eit sentrum for utvikling og produksjon av hydrogenbeholdarar og system for marknaden både i Kina og Søraust Asia elles.
Fabrikken i Shijiazhuang og den hye avdelinga i Beijing vil saman skape fleire hundre nye arbeidsplassar,
Storkonsern
Samarbeidet mellom Hexagon Purus og det kinesiske storkonsernet, blei innleia i 2020.
Cimc Enric, er dotterselskap av China International Marine Containers, eit konsern som er børsnotert i Shenzen og Hong Kong. Dei er av dei globalt leiande innanfor levering av transportløysingar.
Kina er den raskast veksande bilmarknaden med 28 millionar selde bilar årleg, og har sjølve sett som mål å vere leiande i fullelektriske bilar innan eit tiår.
Publisert: 28.03.2022 09:26
Sist oppdatert: 28.03.2022 10:13