Børsdagen: Ny oljesmurt opptur
Offshorereiarlaga kan på nytt bli pengemaskinar trur analytikar. Tysdag melde Solstad om ei rekke nye kontraktar.
Børsdagen sett frå Nordvestlandet tysdag baud verken på dei store nedturane, eller oppturane.
At Havila Kystruten-aksjen steig med 1,14 prosent i løpet av dagen, etter å ha innleia børsdagen med å fortelje av Havila Capella er i opplag på ubestemt tid, vil nokon sikkert meine er overraskande. Det kan tyde på at marknaden har trua på at Sævik-familien vil få skuta på rett kjøl, men det var lite handel i aksjen.
Ei anna reiarlag fatta marknadens interesse mot slutten av dagen. Solstad Offshore meldeved 15-tida at dei hadde sikra seg nye oppdrag til ein verdi av kring 230 millionar kroner.
Det gjaldt til saman 500 dagar med arbeid for tre forsyningsskip, i tillegg til oppdrag for fleire ankerhandteringsskip.
Aksjen steig til nær 18 kroner, før den fall tilbake til 17,58 kroner aksjen – og ein oppgang på 3,78 prosent.
Om spådommen til analytikar Tor Allen Winding i Fearnley Offshore Supply slår til, vil marknaden sjå fleire slike nyheiter framover.
I eit intervju med E24.no med tittelen «Russlands invasjon av Ukraina kan gjøre disse båtene til pengemaskiner igjen», fortel han om sitt syn på marknaden for offshorereiarlaga.
– Jeg er overbevist om at krigen i Ukraina vil endre dette markedet. Det kommer ikke over natten, men vi vil få en kraftig oppsving, sa han til nettavisa.
Winding trur auka petroleumsaktivitet i Vesten og sterk vekst i havvind, vil balansere bortfallat av den russiske marknaden. E24.no viste også til ferske tal frå Hagland Shipbrokers, som viste dei høgste ratenivået for ankerhandteringsskip sidan 2008.
Oppturen kan allerede være i gang, og reiarlag som Havila Shipping og Golden Energy Offshore har vore mellom børsvinnarane i nordvest så langt i år.
Tysdag fekk reiarlaga ein blanda børsdag. Herøy-reiarlaget Havila fekk ein oppgang på 1,71 prosent, medan Ålesund-reiarlaget Golden Energy sin aksjekurs gjekk ned med 5,09 prosent.
Utviklinga i oljeprisen vil vere avgjerande for om Fearnley Offshore Supply-analytikaren får rett. Tysdag var eit fat nordsjøolje ned drygt tre prosent ved børsslutt, etter å ha stege kraftig før påske.
På taparlista tysdag var det programvareselskapet Smartcraft, som fekk det tyngste fallet av selskapa med adresse på Nordvestlandet. Verdien fall 8,85 prosent til 17,50 kroner per aksje.
Hexagon Purus fall også med 7,47 prosent til 38,40 kroner aksjen ved børsslutt tysdag.
Les også
Publisert: 19.04.2022 16:40
Sist oppdatert: 19.04.2022 18:38