Havila Capella jomfrutur Mjølstadneset velkomst foto kjetil 11
MJØLSTADNESET: Havila Capella la til på Mjølstadneset under jomfruturen i fjor. Havila Kystruten vil gjerne at kystruteskipa skal anløpe kaia fast framover. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Vil bytte anløpsstad til Mjølstadneset

Klart råd til Herøy-politikarane som skal avgjere om Hurtigruten og Kystruten skal droppe Torvik-kaia.

Marius Rosbach
19.04.2022

Kommunedirektøren i Herøy går inn for å skifte anløpsstad i kommunen for skipa som seglar Bergen-Kirkenes-ruta.

I staden for dagens Torvika anbefalar han å bytte til Mjølstadneset, ifølgje saksutgreiinga som først blei omtalt av Vestlandsnytt. Kommunedirektøren rår også til at industri- og serviceområdet som har vekse fram på Mjølstadneset, blir kalla for Fosnavåg næringspark.

Formannskapet får spørsmålet på sitt bord tysdag, og saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

Ikkje tilstrekkeleg driftsgrunnlag
Skipa til Hurtigruten og Kystruten legg i dag til kai i Torvik når dei kjem til Herøy. Her er det terminal for passasjerar og gods som er drifta av Herøyterminalen – som igjen er eigd av selskapet Vonin Refa.

I møte med kommunen har eigarane vist til aktiviteten er på «sida av fokuset til selskapet». Dei har tidlegare forsøkt å selje eigedomen, men forpliktinga om å drifte hurtigruteterminal på staden, har gjort dette vanskeleg.

– Dei syner til at drift av Herøyterminalen i hovudsak er knytt til anløp av kystruta, og det er ikkje tilstrekkeleg til å forsvare drift, heiter det i saksutgreiinga frå kommunedirektøren.

Har rådspurt kring 30 aktørar

Lokale aktørar som Havila og Ervik & Sævik er mellom dei som vil at kystruteskipa skal anløpe Mjølstadneset. Hurtigruten har tidlegare ikkje ønska å «velje side», men har vist til at ein må vere samde lokalt om ei eventuell endring.

Kommunen har kartlagt korleis nærare 30 næringsaktørar ser på saka, og tilbakemeldingane var i all hovudsak positive til å skifte frå Torvika til Mjølstadneset.

Konklusjonen frå kommunedirektøren er at tida er moden for å ta den prinsipielle avgjerda om å endre anløpsstad.

Stor aktivitet og kaiutbygging
I saksutgreiinga blir det vist til den rivande utviklinga som har vore på Mjølstadneset. Kaiutbygging har bidrege til stor aktivitet for bedriftene på staden.

Kommunedirektøren viser også til møtet i Fosnavåg Shippingklubb i slutten av mars, der fleire aktørar presenterte verksemdene og vidare planar.

Mellom anna har Ervik & Sævik stadfesta at dei vil ta på seg og handtere gods og anna i samband med skipsanløpa på Mjølstadneset.

Dialog med Nor Lines, som handterer godstrafikken på strekninga, tyder også på at ein ny aktør med gode avtalar vil kunne auka volumet, går det fram av saksutgreiinga.

Publisert: 19.04.2022 08:49

Sist oppdatert: 19.04.2022 09:20

Mer om