Havila-skip ved kai i uviss tid
Havila Kystruten håpar å finne mellombels løysing. Ber om statleg hjelp.
Herøy-reiarlaget jobbar framleis på spreng for å få skipet Havila Capella raskt i drift igjen.
Skipet er eigd av eit datterselskap at det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK, som er omfatta av sanksjonane mot Russland etter det russiske angrepet på Ukraina.
Havila Kystruten og GTLK har ein leasingavtale og planen var at GTLK-selskap skulle eige alle fire skipa til Havila Kystruten, og leige dei tilbake til Havila Kystruten. Avtalen er ti-årig og gir også Havila Kystruten rett til å kjøpe skipa tilbake allereie etter to år.
Konsekvensen av sanksjonane er at Havila Capella ikkje har den forsikringsdekninga skipet skal ha, og må difor ligge ved kai. Skjærtorsdag melde Havila Kystruten av skipet blir liggande ved kai inntil vidare, etter at avgangen tysdag 12. april vart utsett.
Mellombels løysing
I ei børsmelding tysdag skriv Havila Kystruten at selskapet "arbeider langs alle tenkelige kanaler for å finne en kortsiktig løsning for å få Havila Capella i drift igjen så raskt som mulig. En kortsiktig løsning krever etter selskapets vurdering medvirkning fra Norske myndigheter i forhold til sanksjoner mot Russland. Selskapet har håp om at forutsatt at en midlertidig løsning finnes, så kan den
være virksom fram til en permanent løsning er mulig."
Ny finansiering
I følgje børsmeldinga er det langsiktige målet å blir den reelle eigaren av Havila Capella og refinansiere alle fire skipa. Det betyr at selskapet må ut av avtalen med GTLK-selskapa, og finne ei anna finansieringa av skipa.
NETT NO har tidligare skrive at etter det avisa kjenner til jobbar Havila Kystruten med å få på plass ei europeisk finansieringsløysing, først for å få løyst ut Havila Castor frå Tersan-verftet, deretter for alle dei fire skipa til Havila Kystruten.
Den europeiske løysinga kan etter det NETT NO har grunn til å tru også omfatte også Tersan sin hovudbankforbindelse i Tyrkia.
Sævik-familiens holdingselskap, Havila Holding, eig 60,42 prosent av aksjane i Havila Kystruten.
Havila Kystruten vart børsnotert i august 2021.
Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO
Publisert: 19.04.2022 08:22
Sist oppdatert: 19.04.2022 09:14