Børstabell for nordvestlandet under saka
Søndag kveld varsla industriselskapet Endúr at selskapet avlyste den planlagte kapitalutvidinga, der aksjonærar som ikkje fekk vere med på den retta emisjonen tidlegare i år skulle få sjansen til å vere med.
Endur henta tidleg i januar inn 140 millionar kroner i ny eigenkapital frå eit utvald gruppe aksjonærar, mellom andre største aksjonær - Artec Holding i Ålesund.
Kursen i reparasjonsemisjonen skulle vere den same som i den retta emisjonen, 27,50 kroner aksjen, og det skulle skrivast ut inntil 1.381.818 nye aksjar.
Men det er ingen vits med ein reparasjonsemisjon - sett fra investorane si side - dersom aksjen kan kjøpast like billeg eller billegare på børs.
Det var akkurat det som skjedde i Endúr sitt tilfelle.
Den avlyste reparasjonsemisjone betyr at eksisterande eigarar slepp å dele eigarskapen med fleire.
Det var eit melding som investorane i aksjemarknaden likte, for då børsen opna måndag gjekk kursen opp frå fredagens sluttkurs på 27,40 til 28,50 kroner aksjen i løpet av mindre enn 15 minutt. Ved børsslutt i dag var kursen oppe i 29 kroner aksjen.
Det er tre kroner under nivået frå før den første kapitalutvidinga vart varsla.
Til den kursen ville det vere interessant å delta i ein reparasjonsemisjon, men no er toget gått.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Nortel | 22,00 | 10,00 % |
Endúr | 29,00 | 5,84 % |
Hexagon Purus | 29,68 | 3,63 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,800 | 0,18 % |
Sparebanken Møre | 82,00 | 0,00 % |
Statt Torsk | 1,51 | -0,66 % |
Hexagon Composites | 36,30 | -0,82 % |
Hofseth Biocare | 2,88 | -1,37 % |
Salmon Evolution | 8,22 | -1,91 % |
Havila Shipping | 19,76 | -1,94 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,590 | -2,15 % |
Norva 24* | 34,16 | -2,57 % |
Havila Kystruten | 10,35 | -3,27 % |
Hav Group | 9,94 | -5,15 % |
Atlantic Sapphire | 8,865 | -6,98 % |
Arctic Bioscience | 10,10 | -8,18 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 06.02.2023 17:13
Sist oppdatert: 06.02.2023 17:59