Børsdagen: Starta med opptur
Optimisme for Havila Kystruten og Hexagon-selskap.
Havila Kystruten-aksjen spratt opp meir enn ti prosent ved starten av handelen måndag.
Utover dagen sank optimismen mellom investorane, og aksjen fall tilbake til nivået førre veke - før den igjen steig mot slutten av dagen.
Ved handelsslutt var kursen 1,31 kroner, ein oppgang på 7,38 prosent i løpet av dagen.
Reaksjonen som innleia veka, kjem i kjølvatnet av meldinga frå selskapet seint fredag, om ei godkjenning frå britisk rett. Den gir Kystruten ein godkjend refinansieringsplan, sjølv om arbeidet er forseinka.
Førre veke fekk selskapet ein avtale på plass, men det står att å skaffe finansiering av ytterlegare 85 millionar euro, i underkant av ein milliard kroner.
Hexagon Purus var det andre selskapet frå Nordvestlandet som utmerka seg på vinnarlista måndag. Aksjen enda opp 7,58 prosent til 18,74 kroner.
Havila Shipping utmerka seg med motsett forteikn, og fall med 4,84 prosent i løpet av dagen.
Hovudindeksen på Oslo børs starta svakt opp med 0,23 prosent til 1.1201,66.
Børstabell for Nordvestlandet:
Ticker | Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Purus ASA (XOSL:HPUR) | Hexagon Purus | kr 18,74 | 7,58 % |
Havila Kystruten AS (XOSL:HKY) | Havila Kystruten | kr 1,31 | 7,38 % |
Atlantic Sapphire ASA (XOSL:ASA) | Atlantic Sapphire | kr 6,45 | 4,71 % |
Arctic Bioscience AS (XOSL:ABS) | Arctic Bioscience | kr 10,45 | 3,47 % |
Norva24 Group AB (publ) (XSTO:NORVA) | Norva 24 Group* | 26,10 kr | 2,76 % |
Endur ASA (XOSL:ENDUR) | Endúr | kr 39,20 | 1,29 % |
Eqva ASA (XOSL:EQVA) | Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 2,91 | 1,04 % |
Golden Energy Offshore Services AS (XOSL:GEOS) | Golden Energy Offshore Services | kr 1,13 | 0,71 % |
Statt Torsk ASA (XOSL:STATT) | Statt Torsk | kr 0,60 | 0,00 % |
Nortel AS (XOSL:NTEL) | Nortel | kr 26,60 | 0,00 % |
Salmon Evolution ASA (XOSL:SALME) | Salmon Evolution | kr 6,71 | -0,15 % |
Sparebanken More (XOSL:MORG) | Sparebanken Møre | kr 76,30 | -0,59 % |
Hexagon Composites ASA (XOSL:HEX) | Hexagon Composites | kr 24,14 | -1,07 % |
Hofseth Biocare ASA (XOSL:HBC) | Hofseth Biocare | kr 2,50 | -1,19 % |
Hav Group ASA (XOSL:HAV) | Hav Group | kr 10,05 | -1,47 % |
Havila Shipping ASA (XOSL:HAVI) | Havila Shipping | kr 11,40 | -4,84 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 10.07.2023 13:24
Sist oppdatert: 10.07.2023 17:43