Peggy følsvik ole erik almlid foto Øyvinn Myge nærings og fiskeridepartementet 11
LØNNSOPPGJERET: Sunnmøring og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik saman med Ole Erik Almlid i NHO i bakgrunnen, under eit møte hos næringsministeren tidlegare i år. Foto: Øyvinn Myge/Nærings- og fiskeridepartementet
Nytt

Børsdagen: Streikefokus etter godt kvartal

Utfallet av kvelden på riksmeklarens kontor, er viktigare enn aksjekursar for dei fleste næringslivsleiarar.

Marius Rosbach
31.03.2022

OPPDATERT: Ved midnatt meldte NHO at meklinga gjekk på overtid.

Sjekk siste oppdateringar frå Fellesforbundet og NHO (eksterne lenker)

Hovudindeksen Oslo Børs gjekk torsdag ned samanlikna med rekordnivået onsdag, men kvartalet viser likevel ein oppgang på fem prosent.

Torsdag vil dei fleste næringslivsleiarar her til lands, vere langt meir opptekne av kva som skjer på riksmerklarens kontor utover kvelden.

Berre på Nordvestlandet kan fleire enn 2000 tilsette i industrien bli tekne ut i streik, om partane ikkje er samde innan midnatt.

Medan arbeidstakarorganisasjonane krev auka kjøpekraft og har vist til stadig stigande prisar, har Norsk Industri åtvara mot ein lønnsauke som vil gå ut over konkurransekrafta.

Riksmeklaren har heilt frå starten av, påpeika at årets oppgjer er vanskeleg. Men partane vil truleg bruke både natta og delar av morgonen fredag, om dei ikkje kjem til ein avtale.

Stor usikkerheit og grunnlag for lønnsauke
Lønnsoppgjeret skjer i ei tid med stor grad av usikkerheit. Etter at verdsøkonomien så vidt var i ferd med å kome til hektene etter pandemien, kom invasjon av Ukraina og skapte nye ufordringar.

Samtidig er det ein heit arbeidsmarknad, som gir grunnlag for lønnsauke.

Når Nav legg fram sine tal fredag, vil dei truleg stadfeste inntrykket av ein sterk arbeidsmarknad. Påmeldinga og oppslutninga om «Bli med hjem»-arrangementet i Oslo, er eit anna teikn.

Havila Shipping mest opp
Handelen på Oslo Børs var dagen utan dei store hendingane sett frå Nordvestlandet. Havila Shipping gjekk mest opp av selskapa med adresse i regionen, med ei auke på 3,86 prosent.

Eit anna Sævik-selskap, Fjord1, meldte i løpet av dagen at dei hadde på plass ein ny avtale om refinansering av gjelda til selskapet. Reiarlaget varsla at dei jobba med saka allereie i november i fjor. Etter refinansieringa vil selskapet lansere eit tilbod om tilbakekjøp av aksjar for eksisterande aksjonærar, utan at dei kan garantere dette.

Hydrogenselskapet Hyon der Hexagon Composites eig ein tredel, hadde ein ny god dag med oppgang 4,03 prosent.

Solstad med tre langtidsoppdrag
Verdt å nemne er også Solstad Offshore som fekk ein opptur torsdag. Reiarlaget steig med 4,34 prosent, etter å ha meldt om heile tre femårskontraktar for sine skip.

Oljeprisen trekte Oslo Børs ned torsdag og eit fat nordsjøolje gjekk ved ettermiddagstider for 107,40 dollar fatet, ned vel 4,5 prosent siste døgnet. Prisnedgangen kjem etter at Opec+-landa vart samde om produksjonsauke på eit møte torsdag.

Statt Torsk var selskapet frå nordvest som utmerka seg på taparlista, med ein nedgang på 6,44 prosent.

Publisert: 31.03.2022 18:15

Sist oppdatert: 01.04.2022 00:27

Mer om