Trond Nydal foto Ogne BRUK DENNE
SOLID BØRSÅR: Administrerande direktør Trond Nydal i Sparebanken Møre leiar ein bank som har auka aksjeverdien med kring 43 prosent siste året. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Først ut med rentehopp lokalt

Fjorårets børsvinner auker renta - Hexagon-samarbeid mellom dagens vinnarar.

Marius Rosbach
29.03.2022

Hovudindeksen på Oslo børs enda i minus tysdag, etter ein nedgang i oljeprisen på kring 4,5 prosent til 107,39 dollar per fat.

Tysdag blei Sparebanken Møre først ut av dei regionale bankane til å melde at dei aukar renta. Tysdag ettermiddag følgte også Sparebank 1 SNM etter.

Dei følgjer fleire bankar dei siste dagane, og sett opp renta med 0,25 prosentpoeng.

Nordea og DNB er mellom andre bankar som har sett opp renta dei siste dagane, som følgje av sentralbankens renteheving.

Utstedte obligasjonslån

Tidleg om ettermiddagen melde også Sparebanken Møre at dei vurderte å utstede eit ansvarleg obligasjonslån på 350 millionar kroner.

Tre timar seinare kom meldinga om ein vellukka utstedelse for lånet med innløysingsrett første gong i april 2027. Eit slikt lån er del av den generelle finansieringa til banken.

Sparebanken Møre-aksjen låg lenge på plussida under børsdagen, men enda med minus 0,86 prosent. Fjorårets børsvinnar i nordvest har stege med 43 prosent i verdi i løpet av det siste året.

Opptur for hydrogenselskap
Sett frå Nordvestlandet var hydrogenselskapet Hyon tysdagens mest positive nyheit.

Aksjen til selskapet der Hexagon Composites eig kring ein tredel, steig med 9,22 prosent i løpet av dagen. Det er kring 20 prosent over børsintroduksjonen.

Ingen av dei andre selskapa frå Nordvestlandet utmerka seg på tap- eller vinnarliste tysdag.

Havila Kystruten steig med 2,98 prosent, etter at reiarlaget nådde ny botnnotering måndag. Sævik-familiens andre reiarlag Havila Shipping, sank mot slutten av dagen og enda med minus 4,51 prosent.

Publisert: 29.03.2022 16:51

Sist oppdatert: 29.03.2022 18:44

Mer om