Havila Foresight
FORLENGA KONTRAKT: Havila Foresight får meir arbeid for Equinor. Foto: Havila Shipping
Nytt

Børsdagen: Trøyst i nedturen

Equinor forlenga med Havila Shipping-skip. Aksjekursen gjekk ned.

Marius Rosbach
31.10.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Havila Shipping-aksjen blei tidleg tysdag handla til 7 kroner. Kursen har ikkje vore lågare sidan mai i fjor for reiarlaget til Sævik-familien frå Herøy.

Aksjen henta seg litt inn mot slutten av dagen, og enda med ein nedgang på når 14 prosent - til 7,50 kroner. Det var verst av selskapa på Oslo børs tysdag.

Måndag var også ein dårleg dag for reiarlaget, som melde at dei måtte selje tre av skipa sine.

Tidlegare på dagen kunne reiarlaget likevel kome med ei gledeleg melding om at Equinor forlenga ein kontrakt for skipet get for supplyskipet Havila Foresight med eitt år - i 2024. Equinor har også ytterlegare tre opsjonar for 2025-2027.

Havila Kystruten var i andre enden av skalaen på børsen tysdag, med ein oppgang, etter at dagen i forvegen enda om lag tilsvarande ned.

Også Atlantic Sappphire fekk ein liten rekyl, og kom litt opp frå måndagens nye botnnotering på 1,19 kroner aksjen.

Arctic Bioscience gjorde det best av selskapa fra Nordvestlandet med ein oppgang på meir enn ti prosent til 9,20 kroner aksjen.

Hovudindeksen steig for tredje dag på rad - denne gongen med 0,99 prosent. Samla sett enda oktober likevel med eit litt fall for Oslo børs.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Arctic Bioscience kr 9,20 10,84 %
Atlantic Sapphire kr 1,27 6,70 %
Havila Kystruten kr 0,82 5,94 %
Hexagon Purus kr 10,24 5,68 %
Sparebanken Møre kr 76,73 1,63 %
Endúr kr 40,00 1,27 %
Hav Group kr 9,10 1,11 %
Statt Torsk kr 0,48 0,21 %
Salmon Evolution kr 6,03 0,17 %
Hexagon Composites kr 26,34 0,08 %
Hofseth Biocare kr 2,86 0,00 %
Norva 24 Group* 18,94 kr -0,32 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,29 -0,46 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,47 -3,52 %
Havila Shipping kr 7,50 -13,99 %
* Kurs i SEK

Publisert: 31.10.2023 15:56

Sist oppdatert: 17.11.2023 07:06

Mer om