Njål sævik nor shipping 2022 foto kjetil 11 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
BØRSVEKST: Hvaila Shipping-direktør har grunn til å smile litt etter at aksjekursen har stige med 36 prosent siste månaden. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Aksjeverdien meir enn dobla på eitt år

Njål Sævik og Havila Shipping var børsvinnar måndag. Trass liten dett tysdag, har kursen meir enn dobla seg på eitt år.

03.05.2022

Havila Shipping-aksjen steig nesten ti prosent på ein blodraud børsdag måndag. I dag fall aksjen 1,4 prosent til 6,06 kroner.

Dette prisar heile selskapet til 144 millionar kroner. Det er ein auke på 36 prosent siste månaden og heile 120 prosent på eittårsbasis.

Auken kjem etter at fleire offshoremeklarar spår svært gode rater til sommaren.

Nye fall

Eit anna selskap som har gått motsett veg på børsen, trass i rekordhøge lakseprisar, er Atlantic Sapphire. Tysdag fall aksjen nye 6,4 prosent til 23,24 kroner. Kursen har stupt 73 prosent på eitt år, og 31 prosent berre siste månaden.

Fleire andre selskap med base på Nordvestlandet hadde ein tung børsdag tysdag, trass i at børsen snudde oppover på slutten av dagen.

Nortel fall 3,5 prosent, Arctic Bioscience 2,8 prosent og Endúr fall med 6,5 prosent.

Havila Castor snart framme
Havila Kystruten steig derimot 2,8 prosent til 19,90 kroner.

Havila Castor, det andre skipet til Havila Kystruten, kjem til Bergen 5. mai.

Ifølgje Marinetraffic.com er skipet no straks ferdig med den engelske kanal.

Skipet skal liggje ved Bontelabo i dagane etter det kjem til Bergen. Der blir skipet klargjort for å bli sett i rute tysdag 10. mai.

Hovudindeksen på Oslo Børs voks med 1,1 prosent i handelen tysdag og enda på 1.231,9 poeng ved stengjetid.

Equinor-opptur
Blant dei mest omsette på hovudindeksen veks Equinor 2,3 prosent og Yara 2,5 prosent. Vinnarane blant dei mest omsette selskapa er Aker, som fekk ein kursvekst på 6,1 prosent, og Golden Ocean Group som aukar 5,1 prosent.

Ved 16.30-tida tysdag blir omsett nordsjøolje for 105 dollar fatet, ned 0,7 prosent frå nivået natt til tysdag.

Hydro-aksjen fall 0,4 prosent etter at selskapet la fram eit rekordresultat. Bakgrunnen er lågare aluminiumsprisar.

Telenor fall tilbake snautt 2 prosent etter eit resultat frå første kvartal som var noko svakare enn venta.

Aker Solutions auka overskotet til 281 millionar kroner i første kvartal, og konsernet ser lyst på framtida. Trass i dei gode tala sende marknaden kursen ned 7,8 prosent.

Publisert: 03.05.2022 17:43

Sist oppdatert: 03.05.2022 23:15

Mer om