Cflow og Andfjord Salmon satsar ilag
Langevågbaserte Cflow skal levere teknisker løysingar for å vidareutvikle landbasert oppdrett.
- Å komme bort i ei sånn type bedrift som Andfjord Salmon, som har ei bransjeleiande overlevelsesrate, kan nesten gi tårer i augene for ein som har drømt om det i mange år. Vi må dit om næringa skal vere berekraftig og ha noko føre seg i tida framover, fortel ein entusiastisk Gunnar Hoff til NETT NO.
Han er sals- og marknadssjef i den Langevåg-baserte fiskehandteringsselskapet Cflow.
Måndag kveld kunngjorde selskapet i ei pressemelding inngåinga av eit strategisk partnerskap med Andfjord Salmon. Saman skal dei vidareutvikle teknologi for landbasert oppdrett på Kvalnes på Andøya i Nordland.
Gode resultat i pilotfasen
Andfjord Salmon er godt i gong med den første produksjonssyklusen i prosjektet, og kan ifølgje pressemeldinga vise til gode resultat for fiskevelferd og veksttilhøve for fisken.
I pilotfasen av prosjektet planlegg dei å slakte rundt 700 tonn laks i månadsskiftet juni og juli. I neste byggetrinn er målet til prosjektet å produsere 19 000 tonn laks.
På sikt ønsker Andfjord Salmon og Cflow å utvide produksjonskapasiteten til 90 000 tonn i året.
Likskapstrekk med brønnbåtteknologi
Cflow er ein leiande leverandør av teknologiske løysingar til havbruksnæringa der fiskehelse og biologisk tryggleik har vore i fokus, og har vore det i ei årrekke.
Dei var tidleg ute med å tilsetje biologar, og har vore opptekne av å utvikle teknologiske løysingar for berekraftig handtering av levande fisk. Dei siste åra har dei vore involvert i fleire store prosjekt.
- Måten Andfjord har lagt opp sine anlegg på er jo på ein måte veldig likt brønnbåtteknologi, men på land. Cflow er gode på store brønnbåtprosjekt, og har den tverrfaglige kompetansen som skal til for å handtere alle dei store prosessane, på tvers av biologi, automasjon og vidare, seier Hoff.
Fiskevelferd viktig
For Cflow gjennomsyrar omsynet til fisken sin velferd alt dei gjer, og Gunnar Hoff er klar på at dette er eit verdisett dei deler med Andfjord Salmon.
- Det er fryktelig mange fisk i eit oppdrettsanlegg, og det er viktig å sjå kvart enkelt individ. Ein fisk død er ein for mykje, og ein må sjå heilskapen i situasjonen, fortel han.
Hadde dei ikkje vore samde i kor viktig fiskehelse er, så er det ikkje sikkert det hadde blitt noko av partnerskapet.
- Andfjord Salmon har nesten null dødelighet blant oppdrettsfisken sin, det er nesten eit eventyr. Å få redusert dødeligheten mest mogleg er eit mantra for Cflow, og derfor er det veldig gøy å jobbe med sånne prosjekt som det her, seier Gunnar Hoff.
Publisert: 20.06.2023 15:00
Sist oppdatert: 20.06.2023 18:57