Oscar Oddvin Håvard Haugen foto Ogne
NOVELA-PARTNARSKAP: Oscar, Oddvin og Håvard Haugen i GRS Riflestocks fekk Novela Outdoor inn på eigarsida i 2017. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Då korona kom sa det ikkje pang

Geværskjefte-produsenten GRS Riflestock fekk lite å gjere då koronaviruset kom.

07.10.2021

- Det stoppa. Alle store avtalar blei utsette, seier dagleg leiar og medeigar Oscar Haugen i GRS Riflestock i Hornindal om kva som skjedde i mars 2020.

Geværskjefteprodusenten har hatt driftsinntekter mellom 23 og 26 millionar kroner årleg i åra 2016-2019. To-tre månadar med magert sal våren og tidleg på sommaren 2020 gjorde at driftsinntektene i fjor fall med 6,5 millionar kroner samanlikna med 2019, til 17,4 millionar kroner (sjå tabell under saka).

Fullt opp til jul
I andre halvår vart det fart i marknaden på ny, og i år ligg GRS Riflestock an til mellom 25 og 26 millionar kroner i driftsinntekter, anslår Haugen.

Ordreboka er på 17 millionar kroner. Det er dobbelt så store ordrereserve som selskapet brukar å ha i gjennomsnitt. Det betyr mellom anna at bedrifta har fullt opp å gjere fram til årsskiftet med dei bestillingane som allereie har kome hittil år.

Fleire folk
I fjor kutta bedrifta ned på arbeidsstokken. I dag tilset den på ny. Talet på tilsette er 21, som er på nivå med før koronaepidemien. Innan eit halv år er det auke med tre-fire til, seier Haugen.

I 2017 gjekk investeringselskapet Novela Outdoor, eit selskap i Novela-systemet, inn som 39,81 prosent aksjonær i GRS Riflestock, eller Grodås Mønsterteknologi som er det juridiske namnet.

Då hadde selskapet vore gjennom ein rask vekst, etter at Haugen-familien hadde lagt om frå vere komponentleverandør til møbelindustrien til å lage geværskjefte.

Investere på Nordvestlandet
Novela-systemet blei etablert i 2015 då fleire investorar og bedriftseigarar på Nordvestlandet gjekk saman om å skipe eit selskap og eit miljø som skulle investere i bedrifter i regionen.

- Vi meiner at denne typen investeringsselskap manglar her på Nordvestlandet, og medinvestorane i Novela ser at det er behov for dette. Dei ønskjer å vere med på å bygge opp eit miljø, sa ein av medgrunnleggarne, Ivar K. Nesset, til NETT NO i september 2015.

I dag er selskapa i Novela-miljøet medeigarar i fem selskap (sjå tabell under saka). Den første investeringa var i bodselskapet Kvikkas i 2016.

Kvikkas blei landskjent då det utkonkonkurrerte Posten i ein anbodkonkurranse om avisdistribusjon på laurdagar, men fekk det tungt då underleverandøren Norpost gjekk overende. Etter konkursen kjøpte Kvikkas konkursbuet.

I fjor var storparten av Easy2You verksemda, som Kvikkas hadde skifta namn til, seld. Resten av verksemda, i programvareselskapet Easy2You Technology, blei seld til selskapet Lettbutikk AS i sommar. Investeringsselskapet Karbon Invest er dominerande eier i Lettbutikk. Novela-systemet er medeigar i Lettbutikk saman med Karbon Invest.

I tillegg til Lettbutikk og GRS Riflestock er selskapa i Novela-systemet medeigar i maskineringselskapet Kvenna EMT i Ålesund, i P E Bjørdal i Ørsta, som lagar utstyr til sjømatindustri, fiske- og oppdrettsbåtar - og i selskapet Anda-Olsen i Ålesund. Anda-Olsen lagar utstyr som garantere for sikker straumforsyning også ved straumbrot.

GRS Riflestock as
Novela Outdoor as eig 39,81 %
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt17,423,9
Driftsresultat-5,3-4,2
Resultat før skatt-5,4-4,9
Kvenna EMT as
Novela Teknologi as eig 98,7 %
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt63,060,7
Driftsresultat1,9-0,4
Resultat før skatt1,4-1,0

PE Bjørdal as

Novela Kapital as eig 36,4 %
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt126,4109,4
Driftsresultat-1,34,4
Resultat før skatt0,91,6
Anda-Olsen as
Novela Kapital as og dagleg leiar

Jon Kjærstad eig tilsaman 43%

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt90,273,9
Driftsresultat13,43,6
Resultat før skatt12,22,8

Easy2You Technology as

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt3,21,6
Driftsresultat-7,5-4,0
Resultat før skatt-7,5-4,1

Publisert: 07.10.2021 06:00

Sist oppdatert: 06.10.2021 22:30

Mer om