Jon Hustad bredde foto Knut Hustad 3
STABIL KRAFT: Jon Hustad framfor Tyssefossen på Bjørke som er regulert for vasskraft. Tussa-kraftverket leverer stabil kraft så lenge det er vatn i magasina. Det same gjeld ikkje for vind og solenergi, påpeiker ørstingen. Foto: Knut Hustad
Nytt

Kraftrealisten

Jon Hustad er djupt fascinert av vasskraft, men trur berre atomkraft kan løyse energi- og klimakrisa.

Marius Rosbach
28.12.2022

Å summere opp Jon Hustad sine mange meiningar om kraft og energi på nokre få linjer i eit intervju, er ei umogleg oppgåve.

Likevel verka det som ein god idé å høyre om journalisten, forfattaren og historikaren hadde nokre tankar om korleis ein kan navigere med ein energimarknad som har gått av hengslene og straumprisar som stig til himmels. Og ikkje minst kvifor energimarknaden har enda opp som i dag.

– Eg stiller, seier han få sekund ut i samtalen når NETT NO tek kontakt for å avtale eit intervju.

Då er han seg på reise i København for å halde foredrag om energiprisane. Nokre veker seinare er Hustad heime på Urke og underteikna journalist spør kvar han vil starte for å forklare det som ser ut til å vere eit nytt verdsbilde.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

«Uhorveleg mykje pengar»
Som Dag og Tid-journalist har Hustad skrive ei rekke artiklar om kraft- og energimarknaden. For dei som vil vite meir om kva ørstingen har på hjartet om temaet, kan eit tre og halv timer langt intervju med podcastverten Wolfgang Wee på YouTube vere ein start.

– Det mest paradoksale er at vi ikkje ser dei store forandringane innan energi. I praksis er det slik det alltid har vore; fossil energi betyr så å seie alt, innleier Hustad.

Han påpeiker at sjølv ei verdsomfattande krise som koronapandemien berre dempa veksten i verdas energiforbruk midlertidig. I fjor peika pilane oppover att.

Så forklarer han korleis Tyskland har brukt «uhorveleg mykje pengar» på det grøne skiftet sidan år 2000. I ei bisetning nemner han at «klima eigentleg er noko som berre vesten driv på med».

Vind og sol er ikkje som magasinkrafta på Bjørke
Jon Hustad

Skilnad på kraft og kraft
Hustad er mildt sagt ikkje imponert over kva tyskarane har fått ut av investeringane i eit system som skulle kombinere gass med sol og vindkraft, og vere mindre avhengig av atomkraft og kol.

Resonnementet tek oss innom det lokale kraftverket på Bjørke for å illustrere skilnaden.

– Vind og sol er ikkje som magasinkrafta på Bjørke. Den krafta slår vi på når vi har behov, og så sant det er vatn, kan turbinane gå heile tida.

Her er forfattaren på heimebane. Etter at han fekk oppdraget med å skrive bok om kraftarbeidarane som jobba i Tussa under pionertida, sette han seg grundig inn i alt frå kor mykje ein kilowatt-time eigentleg er, til kva faktorkapasitet betyr.

Det siste er nøkkelordet i resonnementet om Tyskland si satsing på vind og solenergi.

– Sol produserer berre ti prosent av tida på fullt og vind om lag 30 prosent, seier Hustad.

Jon Hustad bredde foto marius rosbach
KUNNSKAPSRIK: Historikaren og journalisten har mellom anna skrive bok om kraftutbygginga til Tussa. Her forklarar han korleis røyrsjakta fungerte under boklanseringa. Foto: Marius Rosbach

Vind og sol «berre eit supplement»
Problemet er med andre ord at vind og sol berre til ein viss grad fungerer som erstatning i det nye systemet. Eller rettare sagt til visse tider.

– Kol og vasskraft leverer spenning - ein «grunnload». Det kan ikkje vind og sol gjere. Og då blir dei berre eit supplement i kraftnettet, seier han.

Sjølv om EU-landet har auka sin installerte effekt med 80 prosent, har produksjonen berre auka med fem prosent.

– Det betyr at Tyskland har brukt 5200 milliardar kroner på å få fem prosent meir straum. I same perioden har bruken av fossilenergi gått ned frå 83 til 78 prosent, legg han til for å illustrere avstanden til internasjonale klimamål.

– Kva er då alternativet, atomkraft?

– Ja, på sikt, seier Hustad som vil velje seg kjernekraft om han fekk oppfylt eitt ønske om kva Norge burde satse på.

– Vi kan bygge eitt atomkraftverk ved utgangen av England-kabelen og eitt ved utgangen av Tyskland-kablane. Drift og bygging kan vi outsource til Sør-Korea.

Atomkraftverk kan forsyne marknaden med konstant kraft, og i tillegg er krafta kortreist om anlegga blir plasserte der behovet er størst ved «vegkryss», seier Hustad.

– Storbritannia satsar stort på det, og der er målet at bygging av små serieproduserte reaktorar skal koma i gong i løpet av to-tre år, legg han til.

«Politisk prestisje» i havvind
Hustad trur likevel ikkje at det kjem atomkraftverk på norsk jord. I staden trur han det blir bygd ut vindkraft til havs - sjølv om han meiner styresmaktene bør snu.

– Eg ser at havvind kjem fordi det er gått politisk prestisje i det. Difor kjem prosjekt som Hywind Tampen, som vil produsere om lag like mykje som Tussa gjer på Bjørke – med ustabil kraft, seier han.

– Det vil koste fem milliardar – og gir det same som kosta Tussa 300-400 millionar kroner med dagens pengar å bygge for 60 år sidan, legg han oppgitt til.

– Viss Norge vil ha meir kraft som monnar, og om vi skal bygge ut meir vind, så må vi óg ha meir stabil kraft – og då må vi ha meir magasin på land, seier han vidare.

Dysfunksjonelle system
Historisk meiner ørstingen at Norge gjorde alt rett ved å bygge ut vasskraft med store magasin. Så «rota vi det til», ifølgje Hustad gjennom subsidiering, utanlandskablar og «elektrifisering av alt mogleg».

– Vi kopla oss på dysfunksjonelle system og no betalar vi prisen.

Han har lita tru på meir «normale» kraftprisar med det første.

– No legg Danmark ned fossil produksjon, Tyskland legg ned sine atomkraftverk og Storbritannia legg ned kolkraft. Det blir ikkje billegare straum før nabolanda våre flyt over med kraft.

Utsiktene til det er ikkje lovande per i dag.

Vi kopla oss på dysfunksjonelle system og no betalar vi prisen
Jon Hustad

Fare for industridød i Europa
Kva kan ein gjere med situasjonen her heime i Norge? Om prisane held fram som i dag, kan situasjonen løyse seg sjølv – ved massiv industridød i Europa, seier Hustad tørt.

– Yara har redusert sin produksjon i Europa med 65 prosent fordi det er så dyrt. Europa kan ikkje halde seg med kraftkrevjande industri i framtida om det held fram slik. Då forsvinn ein stor etterspurnad og situasjonen er løyst ved at prisene kjem nedover, utdjupar han.

Alternativt kan ein håpe at Putin blir fjerna frå makta i Russland. Hustad kan likevel ikkje sjå føre seg at Russland kjem tilbake i det gode selskap i nær framtid.

Dyrare straum - også i Nordvest
For ein bedriftseigar på Nordvestlandet vil lykka vere å ha lange og rimelege avtalar om kraftprisen framover, trur han.

Det kan vise seg vanskeleg med utsiktene til at det kjem ny overføringskabel over Sognefjorden frå 2025. Det er venta at prisutviklinga i landsdelen då vil følgje Sør- og Austlandet med prisar på det fleirdoble av kva som har vore normalsituasjonen i regionen dei siste åra.

– Næringslivet her bør eigentleg drive ein beinhard lobbykamp for at konsesjonen over Sognefjorden blir trekt tilbake, seier han.

No er heller ikkje det ei realistisk utvikling. Hustad er likevel ikkje uroa for Norge sin del.

– Det som har vore unikt med Norge er at vi alltid har satsa på energi, og det skal vi satse på i framtida også, slår han fast.

«Opppriktig bekymra» for Europa
Med eit næringsliv langs kysten som er vande med omstilling, trur han nordmenn vil leve godt på råvarer som fisk og energi framover.

– Eg er trygg på at Norge framleis vil halde på med olje og gass i mange år. Og det bør vi også gjere, legg han til.

Derimot er han «oppriktig bekymra» for utviklinga i EU og Storbritannia.

– Dei har ein elendig demografi og nedgåande kurve for arbeidskraft, medan USA klarer å halde oppe si befolkning.

– Det er berre Europa som ikkje satsar på å vere energiuavhengig, og det er dei fattige landa på kontinentet som vil få svi, trur han.

Jon Hustad Terje Myklebust bredde Foto Knut Hustad
TUNNELSYSTEM: Her er Jon Hustad saman med kraftverksjef Terje Myklebust ved «takrenneprosjektet», eit tunnelsystem, ved Tyssedammen. Foto: Knut Hustad

Ingen tru på klimamåla for 2050
Hustad er ikkje overraskande pessimist når det kjem til det store reknestykket for Europa og det grøne skiftet. Han meiner verda ikkje vil kome i nærleiken av å nå klimamåla med dagens politikk.

– Godt over halvparten av energien vi brukar i Norge er rein, men i Europa er dei så ufatteleg langt unna å få til noko sånt, seier han.

At EU klarar å bli klimanøytrale innan 2050 har han ingen tru på.

– Om eg er i live, så ring meg. Men det skjer ikkje, avsluttar han sjølvsikkert.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

Publisert: 28.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 28.12.2022 01:22

Mer om