Trur verda blir delt i to
Globaliseringa er ikkje over, men den er ikkje lenger grenselaus. Elisabeth Holvik i Sparebank 1 trur på ei todelt verd.
- Eg trur vi får ei todeling av verda, med ei vestleg og ei kinesisk dominert sfære. Det blir ei meir regionalisert globalisering, seier sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1.
Den utviklinga Holvik ser for seg framover var i gang både før krigen i Ukraina, og også før Donald Trump blei president i USA (2017-2021).
- Kina vart med i WTO (Verdas handelsorganisasjon) på U-landsvilkår i 2001 og har fått behalde ein del av dei fordelane fram til no. Intensjonen var at Kina skulle utvikle seg til eit liberalt demokrati og bli ein del av den vestlege modellen, seier Holvik.
- I førre veke innførte EU nye reglar for offentlege anskaffelsar, seier Holvik.
Dei nye reglane gjer det vanskeleg for kinesiske firma å konkurrere om offentlege oppdrag i EU-land, utan at det blir like lett for selskap i EU-land å konkurrere om oppdrag i Kina.
- Det har blitt ein gradvis oppvakning om at ein må konkurrere på like vilkår. Ein stiller seg meir kritisk til Kina, seier Holvik.
Les meir om dei nye reglane i denne Reuters-artikkelen
- Europa fekk ein vekkar i 2016 då eit kinesisk selskap kjøpte den tyske robotprodusenten Kuka. Ein oppdaga då at ein ikkje hadde noko forsvar mot slik oppkjøp, seier Holvik.
Kuka er ein type selskap som blir rekna som strategisk viktig, med teknologi som kan brukast til å styrke industrien i konkurransen med produsentar i lavkostland.
Etter Kuka-kjøpet innførte Tyskland lover som gjer det råd å blokker slike sal. Det er same type regelverk som vart brukt då norske styresmakter - til slutt - blokkerte salet av motorfabrikken Bergen Engines til eit russisk selskap.
- Vi må bu oss på meir handelskonfliktar. Vi i Vesten må slutte å tru at alle vil bli som oss, seier ho.
Næringslivet har allereie byrja å ta konsekvensen av ein mindre grenselaus globalisering. Pandemien og krigen i Ukraina har berre sett fart på den prosessen.
Det betyr mellom anna at bedriftene søkjer å ha leverandørane sine nærare seg, og har større lager enn før.
- Nærområda betyr meir. Just in time har blitt til just in case, seier Holvik.
Krigen har drive kostnadane opp, mellom anna på mange viktige råvarer - også energi.
Prisstigninga, saman med at sentralbankane aukar rentene, kan medverke til at vi får stagflasjon, er Holvik redd for. Stagflasjon betyr ein kombinasjon av stigande prisar, og liten, eller ingen økonomisk vekst.
Europa står også føre store investeringar for å gjere seg uavhengig av russisk gass. Tryggleikspolitikk har blitt lagt lite vekt på, samanlikna med satsinga på det såkalla grøne skiftet. Det må betalast for no.
- Det er ein skandale at Europa har gjort seg så avhengig av russiske gass. Den realistiske løysinga er at Europa går over på kjernekraft, seier Holvik.
Publisert: 16.04.2022 05:00
Sist oppdatert: 15.04.2022 23:53