Converto Jan Petter Hagen foto Converto
Dagleg leiar Jan Petter Hagen i Converto fortel at oppdraga for Aker har skapt betydelege verdiar for aksjonærane. Foto: Converto
Nytt

Converto-sjefen om Aker-oppdrag: – Skapt betydelege verdiar

Ålesund-selskapet har hatt tresifra millioninntekt frå konsernet. No er det meste avslutta.

Marius Rosbach
20.11.2025

I søksmålet etter Solstad-refinansieringa har det kome fram at Ålesund-selskapet Converto i fleire år har hatt store inntekter på oppdrag for Aker.

Tysdag fekk retten høyre at det er snakk om eit tresifra millionbeløp etter 2021 for dei samla oppdraga for konsernet. 

Dagleg leiar Jan Petter Hagen i Converto opplyser at dei har hatt forvaltingsoppdrag knytt til Aker sitt eigarskap i ei rekkje selskap som er definert å ligge utanfor Aker sin kjerneverksemd. 

Dei samla inntektene frå Aker kjem frå heile porteføljen av selskap, inkludert Solstad-reiarlaget. 

– Fleire Converto-tilsette har jobba med selskapa over tid, og dei aller fleste selskapa er no avhenda eller restrukturert, fortel han til Nett No.

– Eit utmerka samarbeid
Styreleiar Frank Reite fortalde i tingretten at kring fem personar var løpande involvert frå Converto si side, for å yte denne tenesta.

– I perioden Converto har hatt dette ansvaret, har det blitt skapt betydelege verdiar for aksjonærane, seier Hagen. 

I søksmålet har tingretten har fått høyre at Aker har vore svært nøgd med arbeidet som er utført. Det stadfestar kommunikasjonssjef Atle Kigen til Nett No.

– Vi har hatt eit utmerka samarbeid med Converto som har vore ein viktig forvaltar og rådgivar for selskap som har vore utanfor vårt kjerneområde. Det har bidrege til å skape betydelege verdiar for Aker, legg han til. 

Kigen kan ikkje seie om det er aktuelt å hyre inn Converto for andre oppdrag i framtida. 

Forhandla med Røkke i eitt år
Converto sitt oppdrag med Solstad blei i hovudsak avslutta i samband med refinansieringa i 2023 – som det no stridast om i rettssalen. Då blei forvaltinga løfta tilbake til Aker som følgje av at engasjementet blei intensivert og konsernet gjekk inn med meir kapital. 

Frank Reite fortalde i retten at det blei forhandla i kring eitt år med Kjell Inge Røkke og Aker før sluttavtalen kom på plass.

Jan Petter Hagen stadfestar til Nett No at Converto inngjekk ei sluttavtale med Aker som skal gi utbetalingar på 57 millionar kroner. Han påpeiker at utbetalinga skal skje over ti kvartal fram til 2027. 

– Converto skal samtidig stille ressursar til rådigheit for Aker i denne perioden, seier Hagen. 

Ny inntektstopp i fjor
Converto AS omsette for drygt 51 millionar kroner i 2024. Det var eit nytt toppår på inntektssida, samtidig som selskapet leverte eit overskot før skatt på 5,8 millionar kroner (sjå tabell under).

Converto AS 
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt51,345,8
Driftsresultat5,88,4
Resultat før skatt5,88,4

Hagen seier omstruktureringar gjer at dei ikkje har samanliknbare tal for i år. 

– Vi jobbar med ulike bransjar og som kjent går nokre bransjar bra, medan andre har tøffare tider, seier Hagen om aktivitetsnivået.

– Grunna naturleg avgang er dei blitt nokre færre i løpet av det siste året og samstundes har vi avvikla kontoret i Trondheim. Selskapet har no kring 14 tilsette i arbeid, og selskapet er stadig på utkikk etter fleire, fortel Hagen. 

Publisert: 20.11.2025 05:00

Sist oppdatert: 19.11.2025 19:28

Mer om