Hovedbilde turistar pa kaia foto Ogne
GIR RINGVERKNADER: Cruisebesøket til Ålesund har vakse i rakettfart. Besøkande frå skipa er den gruppa med reisande som brukar mest pengar på opplevingar. Her skal ei gruppe på kajakkpadling med Uteguiden. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Cruisar på besøksbølge

Turistane pregar Ålesund større delar av året. Samtidig veks nisjeaktørar på oppdrag for dei rikaste.

Marius Rosbach
01.01.2025

Talet på cruiseturistar er den mest slåande skilnaden i bybiletet i Ålesund i dag samanlikna med for ti år sidan. Samtidig som talet på cruiseanløp er meir enn dobla, kjem skipa no til byen heile året. 

Tidlegare slutta sesongen då hausten kom. No vandrar cruiseturistane i byens gater heilt fram til jul. Medan dei første skipa om våren tidlegare gjerne kom i april, er det i 2025 meldt om anløp både i januar, februar og mars. 

I 2023 var Ålesund den største cruisehamna i Noreg etter å ha gått forbi Bergen på statistikken. 

  • Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 
  • Les heile magasinet her

Utviklinga skjer etter at reiselivsbransjen i regionen har jobba målbevist både for å auke det totale besøket, og for å få skipa til å kome seinare på hausten og tidlegare om våren. 

– Vi har eit mål om å utvikle heilårsturisme og skape gode og trygge arbeidsplassar, som kan levere spennande opplevingar heile året. Skal vi få til det, treng vi reisande gjennom heile året. Ei utviding av i cruisesesongen bidreg til dette, seier reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.  

Molja turister foto Marius
VIKTIG FOR BYEN: Cruiseturistar og yrkesreisande er dei to viktigaste gruppene med besøkande til Ålesund, ifølge ei undersøking. Samtidig legg cruiseturistane att minst pengar per gjest.

I 2023 opplevde dagleg leiar og medeigar Sarah Soumilas ved Racoon Coffee i Ålesund at besøket var tilbake til normalen etter fleire år prega av pandemi. 

Det vil seie: ein ny normal som gav rekordomsetning og det mest lønsame året sidan oppstarten for serveringsplassen i Kongens gate. 

Soumilas peika på fleire turistar i større delar av året som ei av årsakene. Samtidig vart lokalkundane fleire. 

– At dei gode periodane blir lengre – og meir stabile – gjer det enklare å overleve. Det er kjekt å oppleve, fortalde ho til Nett No. 

Turistar med buss foto Ogne
UTVIDA SESONG: Reiselivsbransjen har lukkast med utvide cruisesesongen til større delar av året. I 2024 kjem det cruiseskip til byen heilt fram til jul. Foto: Ogne Øyehaug

Meir enn dobling på ti år  
Eit lite dykk ned i tala viser at cruisebesøket til norske hamner har hatt ein jamn vekst heilt sidan 2015, berre med unntak av eit par år med koronadupp. 

Den gongen kom 109 cruiseskip til Ålesund i løpet av ein hektisk sommarsesong. 

Dei siste åra har kring 280 cruiseskip kome til Ålesund årleg, og om lag det same er venta i 2025. 

Sommarsesongane er framleis hektiske – samtidig er det anløp tidlegare om våren og seinare om hausten enn før. 

I 2018 kom cruiseturistane for første gong til byen i oktober månad. Etterpå har det kome fleire. 

I oktober 2024 – då dette magasinet blei gjort ferdig – var det registrert nær 20 anløp av cruiseskip til Ålesund i løpet av månaden, ifølgje Ålesundregionens Havnevesen. 

Og sesongen held fram til tett oppunder jul, med ti cruiseskipanløp i november og desember. 

Den same utviklinga skjer om våren. I 2025 er det venta at kring 11 000 cruisepassasjerar kjem til byen i løpet av april. I 2017 var talet 2700 i same månad. 

Cruiseturistane er saman med yrkesreisande dei viktigaste gruppene for reiselivet i Ålesund, ifølgje ei Menon Economics-rapport frå 2019. 

Studien viste også at cruiseturistar er den gruppa besøkande som legg att minst pengar for lokale næringsdrivane per person. Årsaka er mellom anna at dei ikkje betalar for overnatting. 

Åra etter 2019-rapporten har i stor grad vore prega av pandemien. Difor er det ikkje gjort noka ny større undersøking av reiselivet i byen. 

Den auka cruisetrafikken har ikkje skjedd utan utfordringar. Lokalbefolkninga har vore misnøgd med busstrafikken til Fjellstua, og hamnevesenet i Ålesund har møtt eigarane av Waterfront-hotellet i retten fordi cruiseskipa sperrar utsikta for gjestane deira. 

Sterk vekst på «high end»-gjestar  
I takt med det aukande talet på turistar som kjem til norskekysten, aukar også krava – og dermed marknaden for ulike nisjeselskap. 

Trips of Norway har tidlegare spesialisert seg på VIP-tenester til filmproduksjonar. 

No opplever dei ein sterk vekst i etterspurnaden frå velståande turistar som vil reise med stil. 

Det er gjestar som vil betale for komfort og kvalitet på reisa, og som ikkje deltek på gruppeturar med bussar frå kaia. 

– I staden vil dei nyte frukosten. Etterpå kjem vi glidande inn med bilar som tek dei rundt, seier Tore Aakre. 

Trips of Norway Lene Aakre Nilsen Tore Aakre foto Marius
FAMILIEBEDRIFT: Far og dotter, Tore Aakre og Lene Aakre Nilsen, ser lyst på framtida for familiebedrifta Trips of Norway. Etter fleire berg- og dalbaneår opplever dei kraftig vekst i marknaden for dei best betalande turistane.

Store delar av familien er engasjert i drifta, og dottera Lene Aakre Nilsen er Tore si høgre hand.  

Når båtfolket spottar luksusyachtar på besøk i fjordane sommarstid, har gjerne Trips of Norway bilar som følger dei frå hamn til hamn og er disponible til kvar tid. 

– I den marknaden er det også stor mangel på tilbod, seier Lene. 

Undervegs har Trips of Norway mellom anna samarbeidd med Gro Linn Gamst, som har starta reiselivsaktøren Norfolk Travel. Ho har spesialisert seg på skreddarsydde reiser for godt betalande kundar. Allereie første driftsåret i 2023 var pågangen stor og gav ringverknader til Trips of Norway. 

Samarbeidet med Gamst og deltaking på reiselivsmessa Norwegian Travel Workshop resulterte i ei rekke nye agentar og kundar for familiebedrifta på Valderøya. 

– For oss har det verkeleg gått oppover, spesielt i «high end»-segmentet. Vi hadde litt av det tidlegare, men ikkje på langt nær som i dag, seier Lene Aakre Nilsen. 

Trips of Norway Kristiansand 1
VEKST I LUKSUSSEGMENTET: Godt betalande turistar vil gjerne ha komfortable bilar tilgjengeleg på kaia når dei kjem på besøk. Her er Trips of Norway på oppdrag i Kristiansand. Foto: Trips of Norway

Dagsforbruk på fleire hundretusen  
Dei aller best betalande kundane har gjerne eit forbruk på fleire hundre tusen kroner dagen, som inkluderer alt frå butlarar, kokkar – og sjølvsagt sjåførar. Dette er individuelle reisande som gjerne kjem med eigne privatfly. 

Far og dotter i Trips of Norway rosar arbeidet som Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har gjort gjennom fleire år for å auke besøket til regionen utanom høgsesongen. 

Det er også eit mål om å få kvar gjest til å bli lengst mogleg. Jo lengre opphald dei reisande har, jo fleire aktivitetar og lokale tilbod nyttar dei seg av – og ringverknadene aukar. 

– Mange av dei som har mest pengar å bruke, er leie av Michelin-restaurantar. Dei vil heller vere med på aktivitetar ute i naturen. Så fyrer vi opp eit bål og grillar. Då får dei opplevingar dei aldri har fått før – for eksempel å fiske sin eigen fisk og lage eit måltid av den. Det er heilt ubeskriveleg for mange av dei som kjem, seier Tore. 

Trips of Norway porsche foto Trips of Norway2
EKSKLUSIVE BILAR: Trips of Norway har ein stor flåte med bilar, mange av dei svært eksklusive. Porche-bilane er mellom dei mest populære for dei som vil køyre sjølv. Foto: Trips of Norway

Å plukke blåbær eller møte dyr er andre opplevingar som gjestane deira set stor pris. 

I dag gir familiebedrifta fulltidsjobb til kring ti personar. Utover administrasjon, sal og logistikk har dei folk til å klargjere bilar og utføre andre praktiske oppgåver. 

I tillegg kjem sjåførane som har ulik tilknyting til firmaet. På dei største oppdraga for filmselskap på besøk i Noreg har Trips of Norway hatt fleire enn hundre sjåførar i arbeid. 

Då Nett No møter far og dotter, har dei styrkt staben med fleire tilsette og har allereie mange bookingar for 2025. 

  • Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 
  • Les heile magasinet her

Publisert: 01.01.2025 05:00

Sist oppdatert: 30.12.2024 20:10

Mer om