Kråkebollar gjer eit så stort innhogg i den japanske tareskogen at japanske fiskarar får betalt for å sende dykkarar ned og knuse kråkebollane.
Kvifor ikkje heller be dykkarane plukke med seg kråkebollane opp, legge dei i ei norskutvikla oppdrettskasse, fôre dei opp med norskutvikla fôr og selje dei til kråkebolleglade japanarar? Dermed blir det betaling for kråkebollane to gongar, først til dykkarane så til oppdrettarane.
- Det må vere ein forretningside som appellerer på Sunnmøre, seier Brian Takeda i fiskebåtreiar og investor Sigurd Teige sitt investeringselskap, Kaston.
Då skal dei villfanga oppdrettskråkebollane testast av eit smakspanel i regi av Miyagi University i Japan.
- Dette er veldig spennande, seier Takeda. Han er direktør for innovasjon og strategi i Kaston, og ansvarleg for kråkebolleprosjektet.
Japan er verdas største marknad for kråkebollar. Det er rogna som er ettertrakta, og testar som er gjort med Kastons metode viser at det er råd å fôre opp kråkbollane slik at matinnhaldet blir større enn på ein vill kråkebolle, i følgje Takeda.
Ein kråkebolle som går tom for mat kan gå i dvale i lang tid, og det er desse kråkebollane Kaston satsar på kan fôrast opp og gjerast om til eit kommersielt produkt.
Sjølv om Noreg har kråkebollar med svært god matkvalitet har Takeda ikkje tru på at tida er inne for ein norsk produksjon no. Det vil vere skepsis til utanlandske kråkebollar i Japan, og først når den skepsisen er overvunnen kan det vere marknad for norskproduserte kråkebollar, meiner han.
Kvifor ikkje heller be dykkarane plukke med seg kråkebollane opp, legge dei i ei norskutvikla oppdrettskasse, fôre dei opp med norskutvikla fôr og selje dei til kråkebolleglade japanarar? Dermed blir det betaling for kråkebollane to gongar, først til dykkarane så til oppdrettarane.
- Det må vere ein forretningside som appellerer på Sunnmøre, seier Brian Takeda i fiskebåtreiar og investor Sigurd Teige sitt investeringselskap, Kaston.
Smaksprøver
Tysdag i neste veke får han ein peikepinn på om det er råd å gjere ideen om til kommersiell produksjon allereie i år.Då skal dei villfanga oppdrettskråkebollane testast av eit smakspanel i regi av Miyagi University i Japan.
- Dette er veldig spennande, seier Takeda. Han er direktør for innovasjon og strategi i Kaston, og ansvarleg for kråkebolleprosjektet.
Lisensiering
Kaston skal ikke drive kråkebolleoppdrett i eigen regi, men satsar på å lisensiere teknologien.Japan er verdas største marknad for kråkebollar. Det er rogna som er ettertrakta, og testar som er gjort med Kastons metode viser at det er råd å fôre opp kråkbollane slik at matinnhaldet blir større enn på ein vill kråkebolle, i følgje Takeda.
Ein kråkebolle som går tom for mat kan gå i dvale i lang tid, og det er desse kråkebollane Kaston satsar på kan fôrast opp og gjerast om til eit kommersielt produkt.
Ikkje norsk oppdrett no
Brian Takeda presentert Kaston sine kråkebollplanar på sjømatmøtet som Møre og Romsdal fylke, Innovasjon Norge og Møreforskning arrrangert i Ålesund onsdag 15. april.Sjølv om Noreg har kråkebollar med svært god matkvalitet har Takeda ikkje tru på at tida er inne for ein norsk produksjon no. Det vil vere skepsis til utanlandske kråkebollar i Japan, og først når den skepsisen er overvunnen kan det vere marknad for norskproduserte kråkebollar, meiner han.
Publisert: 17.04.2015 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43