Data og simulatorutstyr for 50 millionar
INNOVASJON: Per Erik Dalen (biletet) i ÅKP har tilsett Børre Rydningen frå Innovasjon Norge i Møre og Romsdal for å arbeid med utviklinga av innovasjonssenteret på NMK i Ålesund.
Nytt

Data- og simulatorutstyr for 50 millionar

Blue Ocean Innovation Arena i Ålesund skal investere mellom 30 og 50 millionar kroner i datautstyr og programvare.

16.06.2016
Innovasjonsenteret, som skal fylle ein etasje i nybygget som er under oppføring på NMK i Ålesund, skal mellom anna gjer det raskare å utvikle, teste og lansere nye idear og produkt.
For å klare det skal senteret fullspekkast med avansert utstyr og programvare, som delvis ikkje er utvikla enno. Midt i etasjen vil det vere ein 360 graders simulatorskjerm der bedrifter og forskarar kan sjå og teste virtuelle prototypar.
På Fosnavågkonferansen i dag sa ÅKP-leiar Per Erik Dalen at prislappen på programvare, data- og simulatorutstyr ser ut til å bli mellom 30 og 50 millionar kroner.

Utviklar ny teknologi

Dalen seier senteret førebels ikkje ha avgjort kva slags programvare og utstyrsom skal inn, og at målet er å vere heitl i forkant av teknologiutviklinga.
ÅKP har tilsett Jan Børre Rydningen frå Innovasjon Norge i Møre og Romsdal for å arbeid med utviklinga av innovasjonssenteret.
Dalen seier at målet er å finansiere senteret på ein slik måt at gründarar og entreprenørar kan kome og bruke senteret gratis.

Planlagt lenge

Innovasjonsenteret har vore ein del av planane for nybygget ved NMK i lengre tid.
Saman med statlige SIVA (Selskapet for industrivekst) har ÅKP etablert eit selskap som skal drive senteret.
- Det skal vere ein arena som næringslivet skal kunne kome og bruke. I tillegg vi arenaen vere eit fantastisk hjelpemiddel i forskning, utdanning og kunnskapsformidling, sa Dalen til NETT NO i fjor.


Publisert: 16.06.2016 15:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58