Tysdag vart både 2024-rekneskapen for Sula-bedrifta Mittet offentleg frå Brønnøysund, samtidig som det blei kjent at neste generasjon tek over leiinga.
Fredrik Mjelde (39) tek over jobben som administrerande direktør frå 1. juli. Faren, Reidar Mjelde, som har leia Mittet sidan 2017, skal no jobbe med forretningsutvikling, leie dotterselskapa og vere styreleiar.
Den tradisjonsrike bedrifta med røter tilbake til 1946 leverte sine beste resultat nokon gong i 2022 og 2023.
I fjor vart det eit steg tilbake viser rekneskapen (sjå tabell under).
– Vi har forskjellige forretningsområde og alle er til tider prega av svingingar i marknaden. Til eksempel slik det har vore med møbel, seier Fredrik Mjelde til Nett No om fjorårsresultatet.
| Mittet (konsern) | ||
| Årsresultat (i mill kr) | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekter | 148 | 178,9 |
| Driftsresultat | 27,8 | 39,8 |
| Resultat før skatt | 28,4 | 39 |
– Ikkje dramatisk på noko vis
Sjølv om den nye Mittet-sjefen gjerne skulle sett pilane peika vidare opp, er han ikkje misfornøgd.
– Slik vil det alltid vere. No har vi lagt bak oss nokre år som har vore veldig gode, og treft toppen. At ting går nedover, er ikkje dramatisk på noko vis, legg Mjelde til.
Sjølv om driftsinntektene til konsernet stoppa på 148 millionar kroner i fjor, var det den 3. høgaste omsetninga dei har hatt. Også overskotet er mellom dei største Sula-bedrifta har levert.

Ser lysning i møbelindustrien
Mittet har fabrikkar ved Vegsund og Mauseidvåg i Sula, i tillegg til ein fabrikk i sitt heileigde selskap, Mittet UAB, i Litauen. Her produserer dei tekstilar til ulike formål, i hovudsak basert på syntetiske tekstilfibrar.
I årsmeldinga for 2024 skriv styret at dei ventar vekst i fleire marknader framover.
Dei ser signal om at marknaden i møbel er i ferd med å snu etter nokre års nedtur, og ventar stabil og god omsetning herifrå, blir det opplyst.
Ventar vekst på forsvarsmarknaden
Forsvarsmarknaden er også sentral for Sula-bedrifta som i ei årrekke har hatt leveransar av ein form for overtrekkssko til NATO.
Styret skriv i årsmeldinga at dei har hatt god omsetning i denne marknaden dei siste åra, og ventar høg aktivitet framover.
I dette segmentet er samtidig prisane kontraktsfesta i avtaler som går over fleire år, som gir stabil omsetning og inntening.
Har teke store utbytter frå drifta
Dei siste åra er det flytta store verdiar i utbytter frå drifta til eigarselskapa.
Etter 2024 blir det teke utbytte på nye 20 millionar kroner, viser årsmeldinga. I åra etter 2020 er det teke ut 92 millionar i utbytter frå Mittet AS i alt.
Samtidig har eigenkapitalen hos hovudaksjonærane, Rim invest og Mittet Gruppen, vekse til over 115 millionar ved utgangen av 2024.
Mittet er i hovudsak eigd av to familiar etter at Reidar Mjelde kom inn som sjef og på eigarsida. Reidar og Irene Mjelde eig 51 prosent gjennom to selskap, medan Mittet-familien eig 44 prosent via Mittet Gruppen.
Publisert: 17.06.2025 16:56
Sist oppdatert: 17.06.2025 17:23






