Leo Ajkic The North West foto Marius 11
ÅLESUND: Under The North West-seminaret om brubyggjarar i arbeidslivet denne veka, var NRK-profilen Leo Ajkic mellom dei som delte sine erfaringar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Fleire jobbar må bli anerkjent som viktige

Leo Ajkic får høyre mykje om problematiske ting i arbeidslivet. Flest av tilbakemeldingane handlar om «godt vaksne menn».

Marius Rosbach
01.05.2024

Utfordringane mange opplever med å sleppe til i arbeidslivet blei diskutert under The North West i Ålesund denne veka.

NRK-profilen Leo Ajkic var mellom dei som var invitert som ein representant for brubyggjarar, som på ulike måtar jobbar for å få fleire inn i jobb eller meiningsfulle aktivitetar.

– Først og fremst tenker eg at ein del jobbar må bli anerkjent som viktige, seier Ajkic til Nett No på spørsmål om kva han gjere vegen inn til arbeidslivet enklare.

Han meiner mange yrke i dag blir velt bort av unge grunna låge lønner, eller at ein risikerer å ikkje bli «populær» i omgangskretsen.

– Og spesielt for meg som ein mann, så er det vanskeleg å velje eit yrke som gjer at eg ikkje kan forsørge familien min, legg han til.

Med andre ord: Meir løn til dei yrka det er størst behov for folk til.

Mange godt vaksne menn greier ikkje anerkjenne alle desse nye minoritetane
Leo Ajkic

– Mange klager på den «typiske mannen»
På spørsmål om kva problematiske forhold han får flest tilbakemeldingar om i arbeidslivet, rettar han fingeren mot det ein kan generalisere til «godt vaksne menn».

– Mange klager på den «typiske mannen». Mange godt vaksne menn greier ikkje anerkjenne alle desse nye minoritetane, og klager samtidig sjølv over at dei ikkje lengre kan kødde med kva dei vil, seier Ajkic.

– Det er slike tilbakemeldingar eg får høyre mest av. Desse mennene har kanskje vore vande med å vere sjefar og hatt definisjonsmakta. Det har dei ikkje lengre, utdjupar han.

Brisk the north west foto marius 11
BRISK: Arbeids- og inkluderingsbedrifta Brisk var mellom dei som presenterte ulike vegar inn i arbeidslivet under The North West måndag. Foto: Marius Rosbach

– Hadde håpt at vi hadde kome lengre
Nav-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal var mellom dei fleire enn 100 deltakarane på seminaret på Pir-bygget måndag.

Han kjenner seg ikkje sjølv treft av tilbakemeldingane Leo Ajkic fortel om – sjølv om han er ein representant for «godt vaksen mann» i leiarstilling.

Veland er uansett ikkje i tvil om at bodskapen må takast på alvor.

– Det er sikkert heilt rett at han opplever dette, men eg hadde håpt at vi hadde kome lengre, seier han til Nett No.

Du kan ikkje lenger vere ein dinosaur. Det er rett og slett ikkje berekraftig
Stein Veland

Nav-direktøren meiner behovet for arbeidskraft er så kraftig, at det vil tvinge fram meir aksept og mangfald.

– Eg trur mange leiarar har sett seg sjølve i spegelen, og spurt «kva kan eg gjere» med denne situasjonen. Og for nokre år sidan hadde vi Metoo-bevegelsen som eg trur fekk mange til å vakne, seier han.

– Du kan ikkje lenger vere ein dinosaur. Det er rett og slett ikkje berekraftig – og eg trur den gruppa blir færre og færre, legg han til.

Føreslår mindre skatt på lønn
Mangfald på alle måtar trur NRK-profilen er eit stikkord for å få eit betre arbeidsliv for alle.

– Vi trenger nok også litt forskjellsbehandling for å oppnå ein betre likestilling mellom ulike grupper, seier Ajkic.

Eit anna konkret grep han trur kan betre situasjonen, er at ein ikkje betalar skatt på lønnsinntekt før ein tener over eit visst nivå.

– Det kan gjere at folk unngår å hamne i situasjonar som er nedverdigande. Eg trur fleire ville kome ut i jobba, om det lønte seg meir, legg han til.

Mange utan jobb - stort behov for folk
Ein del av bakteppe for The North West-seminaret var at det er 600-700.000 menneske som står utanfor arbeidslivet – samtidig som det er stort behov for fleire folk i ein rekke bransjar.

Programleiaren, journalisten og skodespelaren Leo Ajkic har sjølv opplevd korleis det er å kome til Norge som utlending i ungdomsåra.

I vaksen alder har mykje av karrieren hans dreia seg om å vere ein stemme for grupper som kan ha vanskeleg for å kome til orde i den offentlege debatten.

På scena understreka han mellom anna at fellesskapet har eit ansvar for å invitere dei i utanforskap inn «i varmen».

Podium

E22/S2 Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet folka dei treng?

Publisert: 01.05.2024 05:00

Sist oppdatert: 01.05.2024 01:06

Mer om