Gunvor tore ulstein montasje foto marius 11
SLUTTA I FJOR: Etter 22 år som konsernsjef slutta Gunvor Ulstein i den daglege drifta i fjor haust. Nokre månader tidlegare slutta broren Tore som visekonsernsjef. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Delte på 22 millionar kroner

Sluttavtalar sikra kraftig auke i godtgjersla til Gunvor og Tore Ulstein i fjor.

Marius Rosbach
02.09.2021

Gunvor og Tore Ulstein fekk samla om lag 22 millionar kroner i lønn, styrehonorar og anna godtgjersle frå Ulstein Group i 2020. Utbetalingane inkluderer styrehonorar, lønn, og sluttavtalar det året dei slutta i den daglege drifta.

Tala kjem fram i årsrapporten for 2020 der Gunvor Ulstein står oppført med utbetalingar på 11,69 millionar totalt. Broren Tore er oppført med samla utbetalingar på 10,6 millionar kroner.

Sluttavtalar på 7-8 millionar kvar
I 2019 fekk syskena drygt 3,5 millionar kroner i løn og styrehonorar kvar. Differansen til utbetalingane året etter, er på 7-8 millionar for kvar av syskena - som truleg utgjer storleiken på sluttavtalane deira.

NETT NO har spurt Gunvor og Tore Ulstein om å stadfeste tala, men ikkje fått svar: – Vi har ingen kommentarar utover det som står i årsrapporten, heiter det i ein e-post frå Ulstein Group sin administrasjonskoordinator.

Sluttavtalane inneheld etterlønn, kompensasjon for manglande pensjon samanlikna med tilsvarande stillingar – og at Ulstein-syskena skal vere tilgjengelege og delta i verksemda etter avslutta arbeidsforhold.

Årsberetninga viser også at påtroppande konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti hadde lønn og styrehonorar på 1,9 millionar i fjor.

22 år i jobben
Gunvor Ulstein gjekk av som konsernsjef etter 22 år i jobben i november i fjor. Etter fleire tøffe år kunne skipsbyggjarkonsernet melde om ei kraftig forbetring i årsresultatet for 2020. Sjølv om årsresultatet enda med minus - gjekk sjølve drifta med overskot for første gong på fleire år.

Ho er framleis styreleiar i familieselskapet Ulsmo – som også er største eigar i Ulstein Group. Ho har óg fleire styreverv i ulike Ulstein-selskap. Då ho slutta, sa ho til NETT NO at ho og broren Tore ville konsentrere seg om dei meir langsiktige og strategiske moglegheitene for konsernet og næringa.

Gunvor Ulstein er mellom anna med i utvalet som regjeringa sette ned i sommar, som skal peike ut retninga i ein ny Maritim21-strategi. Nyleg var ho også mellom deltakarane på Rundesymposiet, der ein rekke leiande næringslivsfolk kom med sitt syn på utviklinga i havnæringane.

Forskinginstitutt og Eksportstrategirådet
Tore Ulstein er framleis styreleiar i Ulstein Group-konsernet og har styreverv i fleire andre Ulstein-selskap.

– Det har vore fem-seks intense år, sa han til NETT NO då det for eitt år sidan blei kjent at han gav seg som visekonsernsjef i Ulstein Group.

No har han mellom anna gått inn i rolla som styreleiar i Norce – Norwegian Research Centre, eit statleg eigd forskingsinstitutt. Denne veka møtte han også som styremedlem då styret for det nyoppretta Eksportstrategirådet, møttest i Ålesund.

Publisert: 02.09.2021 15:02

Sist oppdatert: 03.09.2021 08:39

Mer om