– Den verkelege katastrofa i statsbudsjettet
Nesten firedobling av forbrenningsavgifta kan bety spikaren i kista for fleire anlegg, fryktar Tafjord-sjefen.
I årets statsbudsjett blir det foreslått å auke forbrenningsavgifta på avfallsforbrenning frå 238 kroner til 882 kroner per tonn.
Dermed blir det ei kraftig innstramming til anlegg som forbrenn avfall. Noko konsernsjef i Tafjord, Erik Espeset, meiner er den verkeleg store katastrofa i budsjettforslaget.
– Det er forbode å deponere avfall, og i Norden har vi ikkje andre alternativ enn forbrenning.
Tafjord har eit energigjennvinningsanlegg på Breivika, der dei mellom anna brenner avfall for å skape varme og fornybar straum.
Dei oppgir sjølv at dei gjenvinn 100.000 tonn avfall i året. Med avgiftsauken vil det seie at dei må betale kring 88,2 millionar kroner i avgifter neste år om forslaget blir vedtatt.
Co2-effekten vil bli negativ, fordi fleire vil transportere avfallet til Sverige
Trur meir vil gå til Sverige
Espeset trur at i praksis vil enormt mykje meir avfall bli frakta til Sverige, der dei ikkje har avgifter på forbrenning.
– Norske anlegg vil gå med krafig underskot. Co2-effekten vil bli negativ, fordi fleire vil transportere avfallet til Sverige.
Han fryktar at avgiftsendringa vil bli spikeren i kista for fleire anlegg.
– Til slutt vil vi ikkje ha kapasitet, og vi vil bli Nordens svar på Napoli om det fortset. Alt vi ber om er same konkurransevilkåra som svenske anlegg har, slik det ikkje blir ein voldsom avfallslekkasje til Sverige.
Les også
Gjev ekstraarbeid til næringa
Dei siste åra har næringslivet reagert kraftig på statsbudsjetta som har blitt lagt fram.
Grunnrenteskatten, formueskatten og høgprisbidraget er berre nokre tiltak som har skapt uro i næringslivet.
– Om det blir slik at heile næringslivet sit i spenning foran kvart statsbudsjett og køyrer opp mykje lobbyarbeid i forkant og prøvar å påverke utfallet om hausten er spørsmålet: Er det ein fornuftig måte å drive verksemder på? Vi vil berre ha stabile vilkår år for år, istadenfor å jobbe inn mot politikarane.
Meiner politikarane er villige til å ofre norske anlegg
Erik Espeset trur fleire politikarar forstår den negative effekten av tiltaka sine, men ser det mellom fingrane.
– Dei er desperate etter å vise fram ein reduksjon i utsleppa til Noreg. Då tek ein lett på at avfallet blir køyrt til Sverige og brent der. Så blåser dei nok letta ut, og tenker at det ikkje kom på den norske klimareknskapen. Det gjer meg bekymra at dei er villige til å ofre norske anlegg for å oppnå ein symboleffekt. Det er faktisk same atmosfære for alle land.
Publisert: 09.10.2023 05:00
Sist oppdatert: 09.10.2023 20:47