Prisen vart utdelt torsdag under IRO Oil & Gas Event i Nederland, opplyser Ulstein i ei pressemelding måndag.
Prisen gjekk til utviklinga av Ulstein Colibri, som er eit produkt til bruk på tuppen av ei kran, og med eit 3D-rørslekompensert handteringssystem for å auke operasjonsevna til eit fartøy.
Dette gjer at mindre og meir kostnadseffektive fartøy kan bli nytta ved dårlege vêrtilhøve, opplyser Ulstein.
Ulstein opplyser at dette tilleggsutstyret for kraner kan bli monterte på standardkraner, både nye og eksisterande. Det elektrisk drivne systemet har effektivt kraftforbruk, og høver godt til arbeid for offshorevindindustrien og olje- og gassmarknaden.
Det typiske er at operasjonar vil krevje at både personar og gjenstandar må passere mellom fartøyet og plattforma. Det neste naturlege steget for å auke operasjonsevna er difor rørslekompensert overføring av last for å samsvare med den auka operabiliteten ein får med kompenserte gangbruer, skriv Ulstein i pressemeldinga.
Ulstein Equipment vart også tildelt IRO sin innovasjonspris i 2013 for deira .
IRO står for: Association of Dutch Suppliers in the Oil and Gas Industry.
Prisen gjekk til utviklinga av Ulstein Colibri, som er eit produkt til bruk på tuppen av ei kran, og med eit 3D-rørslekompensert handteringssystem for å auke operasjonsevna til eit fartøy.
Dette gjer at mindre og meir kostnadseffektive fartøy kan bli nytta ved dårlege vêrtilhøve, opplyser Ulstein.
Tre kandidatar
På arrangementet torsdag fekk tre førehandsutplukka selskap presentere innovasjonane sine. Deltakarane på arrangementet valte selskapet Ulstein Equipment som vinnar.Ulstein opplyser at dette tilleggsutstyret for kraner kan bli monterte på standardkraner, både nye og eksisterande. Det elektrisk drivne systemet har effektivt kraftforbruk, og høver godt til arbeid for offshorevindindustrien og olje- og gassmarknaden.
Auka operasjonsevne
Kompensasjonsteknologi for 3D-rørsler er ikkje nytt i industrien og har gitt auka operasjonsevne for personelloverføringar mellom fartøy og fastmonterte offshoreplattformar ved å bruke rørslekompenserte gangbruer.Det typiske er at operasjonar vil krevje at både personar og gjenstandar må passere mellom fartøyet og plattforma. Det neste naturlege steget for å auke operasjonsevna er difor rørslekompensert overføring av last for å samsvare med den auka operabiliteten ein får med kompenserte gangbruer, skriv Ulstein i pressemeldinga.
Ulstein Equipment vart også tildelt IRO sin innovasjonspris i 2013 for deira .
IRO står for: Association of Dutch Suppliers in the Oil and Gas Industry.
Publisert: 07.12.2015 11:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50