Fleire bedrifter var trua av den høge vasstanden som var på sitt høgste tidleg onsdag ettermiddag.
I Ulsteinvik steig sjøen til vatnet skvulpa mellom golvplankane ved Maluns Restaurant – men ikkje lengre.
– Vi var klare og har vore her i natt for å følgje med, fortel innehavar Stephan Frei til NETT NO når det er klart at springfloa ikkje ville gjere skade ved restauranten.
Ved 13.40-tida hadde vatnet dekka heile parkeringsplassen framføre spisestaden og på sjøsida var vatnet på nivå med bryggekanten. Men berre i løpet av minutt seig vatnet tilbake fleire centimeter.
Frei tek det heile med godt humør og fortel at han ikkje har vore spesielt bekymra. Tysdag tok budde dei seg likevel ved å løfte ein del av inventaret frå golvet.
Mange naust vart også fylte med sjø, men brannvesenet i Herøy opplyser til NETT NO at så langt er det ikkje meldt om større skadar.
Fleire seier at det var langt verre i 1993, og det var også ille mange stader under Dagmar i 2011.
Floa var på det høgaste litt etter kokka 14. Då stod sjøen rundt 70 centimeter høgare enn normalt.
Brannvesenet i Herøy opplyser at floa på dagtid onsdag var rundt 30 centimeter høgare enn floa natt til onsdag.
opplyser at vatn har sige inn i Jugenstilsenteret og i Mølla restaurant i Ålesund.
I Ulsteinvik steig sjøen til vatnet skvulpa mellom golvplankane ved Maluns Restaurant – men ikkje lengre.
– Vi var klare og har vore her i natt for å følgje med, fortel innehavar Stephan Frei til NETT NO når det er klart at springfloa ikkje ville gjere skade ved restauranten.
Ved 13.40-tida hadde vatnet dekka heile parkeringsplassen framføre spisestaden og på sjøsida var vatnet på nivå med bryggekanten. Men berre i løpet av minutt seig vatnet tilbake fleire centimeter.
Frei tek det heile med godt humør og fortel at han ikkje har vore spesielt bekymra. Tysdag tok budde dei seg likevel ved å løfte ein del av inventaret frå golvet.
- Var verre i 1993
I Fosnavåg seig vatnet inn i fleire bygningar til Fosnavåg Notbøteri.Mange naust vart også fylte med sjø, men brannvesenet i Herøy opplyser til NETT NO at så langt er det ikkje meldt om større skadar.
Fleire seier at det var langt verre i 1993, og det var også ille mange stader under Dagmar i 2011.
Ferjeproblem
Fjord1 opplyser at B-ferja på Hareid - Sulesund er innstilt på grunn av den høge floa.Floa var på det høgaste litt etter kokka 14. Då stod sjøen rundt 70 centimeter høgare enn normalt.
Brannvesenet i Herøy opplyser at floa på dagtid onsdag var rundt 30 centimeter høgare enn floa natt til onsdag.
opplyser at vatn har sige inn i Jugenstilsenteret og i Mølla restaurant i Ålesund.
Publisert: 16.01.2020 10:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50