- Med litt medvind, så kjem båten opp i åtte knops fart. Det er akkurat passe. Denne båten er perfekt for å roe ned og nyte livet.
Vi møter Einar Hareide på Jeløya ved Moss. Her bur han saman med kona Bjørg Holsvik frå Volda og barna.
Etter å ha drive designkontor i Oslo og Göteborg, med opp mot 15 tilsette, arbeider no 58-åringen i stor grad heimanfrå.
- Det er litt som å kome tilbake til røtene, der eg skaper alt sjølv frå starten av, frå idéskisse til 3 D-underlag utan å måtte fortelje andre korleis det bør gjerast. Men er har eit knippe med flinke folk rundt om i verda som eg tar inn ved behov. Det er det fine med moderne kommunikasjonsteknologi.
- Eg sat ved stovebordet og starta med å teikne idéskissa med blyant på ipad-en min, og så utvikla eg løysinga derifrå, seier Hareide.
Den banebrytande katamaranen er no under bygging ved Maritime Partner i Ålesund. Skroget er i aluminium, og overbygget har store vindusflater same kvar ein snur seg.
Bak står Espen Larsen-Hakkebo og islandske Agnes Árnadóttir.
- Dei ville gjere noko med miljøimaget til turistnæringa, og ville ha eit miljøvenleg skip kombinert med maksimal naturoppleving.
- Her vil alle passasjerar ha 360 graders utsikt. Vert det ikkje vakkert? spør Hareide.
- Her har det skjedd mykje bra siste åra, men det er meir å gå på.
Og aller helst likar han å jobbe med vestlendingar.
- Då kan ein vere rett på sak og kalle ein spade for ein spade. Andre stader må ein gjerne prate meir rundt grauten før ein kjem til kjerna.
Han har merka seg at Kongsberggruppen har kjøpt Rolls-Royce, to selskap han har jobba for, mellom anna med design av kontrollpanel.
- Dette vert spennande. Det er to flotte selskap, men det er heller ingen tvil om at er litt kulturskilnad mellom Kongsberg- og Ålesund-miljøa.
I 2000 starta Einar Hareide eige firma; Hareide Design, og fekk blant anna Volvo som kunde, der Hareide arbeidde med designforslag til interiør og eksteriør til Volvo V60 Plug-In Hybrid.
Framleis får han oppdrag frå bilindustrien, i første rekke med å pønske ut konseptidéar til nye modellar.
Når Borgward bokstaveleg tala stod opp frå dei døde og lanserte sine spenstige planar for framtida, var det i samarbeid med Einar Hareide.
Men prosjektet vart kjøpt av kinesiske interesser, og Hareide hoppa av.
- Eg fekk valet mellom Kina og Tyskland, og valde sjølv Jeløya.
Sjølv køyrer Hareide rundt i ein Peugeot sjuseter.
- Eg har eit pragmatisk forhold til bilar, og eg treng slett ikkje ha ein bil til ein million kroner.
- Eg veit godt kva ein får for den prisen, og klarer meg godt med langt billegare bilar.
Han har fått ei lang rekkje designprisar, og to av hans arbeid er utstilte på Museum of Modern Art i New York; ein Startloop som vert brukt til å starte opp bilar med flatt batteri, og ein AutoSock som er erstatning for snøkjeder til bilar.
Sjølv ser han designmulegheiter over alt.
- Det er viktig å vere nysgjerrig og tenke alternative løysingar.
- Men sjølv om det også skal vere fint å sjå på, er funksjonaliteten alltid det viktigaste.
I tillegg har han vorte stadig meir opptatt av miljø.
- Alt har ei levetid, då er det viktig at det vi lagar er bygt i materiale som kan gjenbrukast. Difor synst eg også at aluminiumsløysingar på båtar er ekstra interessante. Kunstfiber er langt verre å gjenbruke.
Han seier at han nok har gode gener for dette, for no har mora Anne-Marie Vågen Hareide starta opp som kunstmålar.
- Ho er no 91 år gamal, men driv på for fullt. Mor er ein stor inspirasjon. Det er utruleg kjekt når eldre folk er så aktive og nysgjerrige.
- Mykje av hjelpemidla for eldre og funksjonshemma har eit elendig design, og er lite funksjonelle.
- Det handlar om verdigheit. Her har eg lyst til å engasjere meg meir. Mykje meir, seier Hareide.
Ps: Denne saka står også på trykk i NETT NO-magasinet
Vi møter Einar Hareide på Jeløya ved Moss. Her bur han saman med kona Bjørg Holsvik frå Volda og barna.
Etter å ha drive designkontor i Oslo og Göteborg, med opp mot 15 tilsette, arbeider no 58-åringen i stor grad heimanfrå.
- Det er litt som å kome tilbake til røtene, der eg skaper alt sjølv frå starten av, frå idéskisse til 3 D-underlag utan å måtte fortelje andre korleis det bør gjerast. Men er har eit knippe med flinke folk rundt om i verda som eg tar inn ved behov. Det er det fine med moderne kommunikasjonsteknologi.
360 graders utsikt
Og det var akkurat slik han laga forslaget til overbygget til Brim, ein 24 meter lang katamaran som skal frakte 140 turistar frå Lofoten i sommarhalvåret og frå Tromsø i vinterhalvåret.- Eg sat ved stovebordet og starta med å teikne idéskissa med blyant på ipad-en min, og så utvikla eg løysinga derifrå, seier Hareide.
Den banebrytande katamaranen er no under bygging ved Maritime Partner i Ålesund. Skroget er i aluminium, og overbygget har store vindusflater same kvar ein snur seg.
Bak står Espen Larsen-Hakkebo og islandske Agnes Árnadóttir.
- Dei ville gjere noko med miljøimaget til turistnæringa, og ville ha eit miljøvenleg skip kombinert med maksimal naturoppleving.
- Her vil alle passasjerar ha 360 graders utsikt. Vert det ikkje vakkert? spør Hareide.
Rett på sak
Han er sjølv oppvaksen på Hareid, reknar seg som fullblods sunnmøring sjølv om han har budd vekke sidan 1980, og vert ekstra glad når han får arbeide med design knytta til den maritime næringa.- Her har det skjedd mykje bra siste åra, men det er meir å gå på.
Og aller helst likar han å jobbe med vestlendingar.
- Då kan ein vere rett på sak og kalle ein spade for ein spade. Andre stader må ein gjerne prate meir rundt grauten før ein kjem til kjerna.
Han har merka seg at Kongsberggruppen har kjøpt Rolls-Royce, to selskap han har jobba for, mellom anna med design av kontrollpanel.
- Dette vert spennande. Det er to flotte selskap, men det er heller ingen tvil om at er litt kulturskilnad mellom Kongsberg- og Ålesund-miljøa.
Saab, Mercedes og Volvo
Men det var med bilar at designkarriæren verkeleg tok av for Einar Hareide. I 1985 vart han hyrt inn som designer av Saab Automobile for å utvikle det som vart Saab 900. Fire år seinare var det Mercedes-Benz i Stuttgart som nytta Hareide sin ekspertise til å utvikle Mercedes E-Class, så tilbake til Saab som designsjef og ansvarleg for design av 9-3 og 9-5.I 2000 starta Einar Hareide eige firma; Hareide Design, og fekk blant anna Volvo som kunde, der Hareide arbeidde med designforslag til interiør og eksteriør til Volvo V60 Plug-In Hybrid.
Framleis får han oppdrag frå bilindustrien, i første rekke med å pønske ut konseptidéar til nye modellar.
Opp frå dei døde
Og i tre år jobba han med å gjenskape tyske Borgward, som var av verdas mest populære bilmodellar i åra 1919 til 1961.Når Borgward bokstaveleg tala stod opp frå dei døde og lanserte sine spenstige planar for framtida, var det i samarbeid med Einar Hareide.
Men prosjektet vart kjøpt av kinesiske interesser, og Hareide hoppa av.
- Eg fekk valet mellom Kina og Tyskland, og valde sjølv Jeløya.
Sjølv køyrer Hareide rundt i ein Peugeot sjuseter.
- Eg har eit pragmatisk forhold til bilar, og eg treng slett ikkje ha ein bil til ein million kroner.
- Eg veit godt kva ein får for den prisen, og klarer meg godt med langt billegare bilar.
Må vere nysgjerrrig
Sjølv om Hareide sitt namn er nært knytt til bildesign, har han designa alt frå knivar, til lampar, vedomnar og luksusyachtar, dei siste i samarbeid med Norwegian Yacht Voyages.Han har fått ei lang rekkje designprisar, og to av hans arbeid er utstilte på Museum of Modern Art i New York; ein Startloop som vert brukt til å starte opp bilar med flatt batteri, og ein AutoSock som er erstatning for snøkjeder til bilar.
Sjølv ser han designmulegheiter over alt.
- Det er viktig å vere nysgjerrig og tenke alternative løysingar.
- Men sjølv om det også skal vere fint å sjå på, er funksjonaliteten alltid det viktigaste.
I tillegg har han vorte stadig meir opptatt av miljø.
- Alt har ei levetid, då er det viktig at det vi lagar er bygt i materiale som kan gjenbrukast. Difor synst eg også at aluminiumsløysingar på båtar er ekstra interessante. Kunstfiber er langt verre å gjenbruke.
Mora som inspirasjon
Han elskar å skape, og har drive både med teikning og musikk.Han seier at han nok har gode gener for dette, for no har mora Anne-Marie Vågen Hareide starta opp som kunstmålar.
- Ho er no 91 år gamal, men driv på for fullt. Mor er ein stor inspirasjon. Det er utruleg kjekt når eldre folk er så aktive og nysgjerrige.
Verdigheit for eldre
Og det er nettopp i arbeid for eldre han ser dei største designutfordringane.- Mykje av hjelpemidla for eldre og funksjonshemma har eit elendig design, og er lite funksjonelle.
- Det handlar om verdigheit. Her har eg lyst til å engasjere meg meir. Mykje meir, seier Hareide.
Ps: Denne saka står også på trykk i NETT NO-magasinet
Mykje av hjelpemidla for eldre og funksjonshemma har eit elendig design, og er lite funksjonelle
Publisert: 25.12.2018 06:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29