Blåmyra Foto Helle Frogner 1
KONKURS: Therese Lien Smenes (.t.v.) og Sunniva Djupedal (t.h.) etablerte designstudioet Blåmyra i 2018. I midten designer Johanna Nilsson. Foto: Helle Frogner
Nytt

Designsatsing enda med konkurs

Gründerane fekk kjente investorar på laget, men klarte ikkje berge selskapet.

Marius Rosbach
09.02.2024

Om lag fem og eit halvt år etter oppstarten for design og kommunikasjonsselskapet Blåmyra, er det slutt for Selje-firmaet.

Onsdag blei det opna konkurs i Sogn og Fjordane tingrett, etter at selskapet melde oppbod.

Bustyrar Eirik Hauge opplyser til NETT NO at han nettopp har starta gjennomgangen av saka, og ikkje har nokon kommentar per no.

Ifølgje rettspapira har selskapet ei gjeld på kring 750.000 kroner, og verdiane er anslått til drygt 300.000 kroner. Retten fekk opplyst at verksemda framleis var i gong på konkurstidspunktet og hadde tre tilsette.

Første skiftesamling i saka er 14. mars.

Fekk inn solide investorar
NETT NO har tidlegare omtala satsinga til «heimflyttarane» som ville skape seg sin eigen arbeidsplass på Selje.

Sunniva Djupedal og Therese Lien Smenes var med får starten, og undervegs har Johanna Nilsson kome med som tilsett.

Gründerane eigde sjølv selskapet dei første åra, men fekk inn investornettverket Aaretak som medeigarar i 2022.

Nettverket omfattaa Kristin og Johan Odfjell i Farvatn, Sindre Kvalheim i Vyrd, Elisabeth Øvstebø i Link Venture Capital og Janicke Allers i Gefyl. Aaretak-samarbeidet hadde utspring i Vyrd si satsing på nye selskapet etter salet av aksjane i Lefdal Mine Datacenter.

Underskot med auka inntekter
Etter ei omsetning på kring 2,2 millionar i 2021, auka inntektene kraftig til drygt 3 millionar året etter.

I årsmeldinga for 2022 går det samtidig fram at utgiftene auka enno meir – og året enda med eit underskott før skatt på nær 700.0000.

Styret skriv i årsrapporten at dei i hovudsak jobba med å forvalte inntektene og redusere kostnadene for å sikre drifta. Selskapet gjorde samtidig store investeringar i kompetansebygging, henta inn kapital og utvida nettverket sitt.

Det vart jobba vidare med å auke inntektene og var venta eit positivt resultat. Difor vart det vurdert at det ikkje var risiko for tap hos kreditorane.

NETT NO har ikkje fått kontakt med dagleg leiar eller styreleiar for ein kommentar til saka.

Publisert: 09.02.2024 11:35

Sist oppdatert: 09.02.2024 15:29