Desse verfta har hatt kontroll
Timeløn ned i 30 kroner timen og arbeidstid opp til 77 timar i veka er blant funna i rapport om verftsindustrien. Sjekk kva verft som har hatt kontroll.
Ulstein verft, Kleven verft, Myklebust Verft, Salthammer, Vard Søviknes, Vard Langsten, Vard Brattvåg og Aas Mek er verfta som har hatt kontroll i løpet av 2020 og 2021. Det får NETT NO opplyst i ein e-post frå Arbeidstilsynet.
Saman med politiet og Skatteetaten har Arbeidstilsynet hatt kontrollar på verfta, spesielt for å kartlegge vilkåra for dei utanlandske tilsette hos underleverandørane.
30 kroner timen
Seks prosent av dei kontrollørane har snakka med fortel om timeløn mellom 80 og 30 kroner time, og 44 prosent har timeløn under minstesatsen på 172,44 kroner timen.
NRK publiserte måndag også ei større sak om aksjonen, der dei mellom anna har vore med på tilsyn ved Søviknes-verftet til Vard. Seksjonsleiar Jens Erik Romslo i Arbeidstilsynet fortel til NRK at verfta sjølv kan ha blitt lurt av underleverandørar - men slår fast at kontrollen deira ikkje har vore god nok.
I kontrollperiden har kontrollørane snakka med i alt 481 personar fordel til 78 ulike verksemder. Her er dei ei oppsummering av kva kontrollørane fann og dei tilsette fortalde:
* 15 prosent av verksemdene var ikkje registrert med norsk organisasjonsnummer.
* 21 prosent av dei tilsette har betalt under 100 kroner timen. Det er ikkje samsvar mellom arbeidsgivar og arbeidstakar sine opplysningar om arbeidstid.
* Ved to kontrollar var 44 prosent av dei tilsette ikkje registrert i oppdrag- og arbeidsforholdregisteret.
* 127 personar hadde ikkje d-nummer. D-nummer er eit mellombels identitetsnummer.
Starta i 2018
I følgje rapporten starta kontrollaksjonen mot skipsbyggingsbransjen med fleire tips i 2018 og 2019 om kritikkverdige tilhøve. Det utløyste fleire undersøkingar:
"Uanmeldte tverretatlige felleskontroller i 2019 avdekket grove brudd på lønns- og arbeidsvilkår, manglende innrapportering av arbeidskraft, manglende gjennomføring av ID-kontroll hos Skatteetaten, virksomheter som utfører arbeid uten å ha organisasjonsnummer, samt at der var flere tredjelandsborgere i arbeid ved verftene.", heiter det i rapporten som er offentleggjort i dag.
Publisert: 03.05.2022 14:30
Sist oppdatert: 03.05.2022 22:26