Inger synnøve remme foto marius 11
VIL HJELPE FLEST MOGLEG: Næringssjef Inger Synnøve Remme i Ålesund erkjenner at midlane ikkje strekk til å hjelp alle, men fortel at dei forsøker hjelpe flest mogleg.
Nytt

Lokal koronahjelp: – Det blir ei hard prioritering

Bedrifter i Ålesund søkte om sju gonger meir enn kommunen hadde i potten. No blir fristen utvida etter påfyll av friske pengar.

Marius Rosbach
19.04.2021

Ålesund fekk inn søknader om heile 45 millionar kroner frå lokale bedrifter, då kommunen lyste ut kring seks millionar i koronastøtte. Difor sett næringssjef Inger Synnøve Remme i Ålesund naturleg nok pris på at Ålesund får meir enn dobla potten til den lokale kompensasjonsordninga.

Likevel vil det ikkje rekke til alle.

– Det blir ei hard prioritering, erkjenner Remme ovanfor NETT NO.

– Sjølv om vi gjerne vil hjelpe så mange som mogleg, får vi får lite pengar om vi ser på dei som har søkt allereie, fortel ho.

Det er utruleg mykje informasjon om reglar og ulike ordningar som går ut til næringslivet vårt om dagen
Inger Synnøve Remme

58 bedrifter søkte
58 søknader om støtte kom inn då kommunen lyste ut drygt 6,1 millionar kroner i første omgang. Etter ei ny nasjonal tildelingsrunde har Ålesund fått nye drygt 8,1 millionar kroner.

– Difor har vi valt å utvide søknadsfristen til 30. april. Det er utruleg mykje informasjon om reglar og ulike ordningar som går ut til næringslivet vårt om dagen, så vi vil sikre at dei som av ein eller anna grunn ikkje har fått det med seg – eller ikkje rakk å søke – også får ei moglegheit, fortel Remme.

Ordninga skal fungere som ei sokalla ventilordning for bedrifter som er ramma av koronapandemien, men som av ulike årsaker har falle utanfor dei ulike støtteordningane.

Flest frå reiseliv og servering
Næringssjefen fortel at det er eit vidt spekter med bedrifter som har søkt, men flest frå bransjar som er direkte råka ved at dei har vore nøyd til å stenge som følgje av smitteverntiltak.

– Dei fleste er innafor reiseliv og turisme, og restaurant og serveringsbransjen. Men også treningssenter og aktivitetsparkar, fortel Inger Synnøve Remme.

Ho fortel at dei som har bedriftene som eit levebrød – eller løner tilsette vil bli prioritert.


Skal vere ei ventilordning

At selskapet er starta etter mars i fjor – som i tilfelle med Sjøbuda-restauranten i Ålesund, eller tidlegare underskot, kan vere forhold som gjer at bedrifter ikkje er kvalifisert til støtte frå den statlege kompensasjonsordninga eller ordninga med lønnstilskot.

Søk i bedrifter som har fått kontantstøtte (ekstern lenke)

Kommunane som no har fått midlar har fått føringar om det at verksemder i reiseliv-, arrangements- og serveringsnæringar – eller destinasjonsselskap skal bli prioritert. Utlysinga ligg tilgjengeleg på regionalforvaltning.no.

Les meir om utlysinga på heimesida til Ålesund kommune (ekstern lenke)

Publisert: 19.04.2021 11:03

Sist oppdatert: 19.04.2021 12:39

Mer om