I fjor haust bles Næringsforeningen Ålesundregionen liv i planane om å etablere ei eiga traineeordning på Sunnmøre, som eit rekrutteringstiltak for å lokke høgt utdanna til regionen. Då sa dagleg leiar Heidi Nakken i Næringsforeningen Ålesundregionen at ho måtte ha nok bedrifter med seg for å kome i gang.
No har ho det.
Avklaringa kom på eit teamsmøte mandag denne veka.
– Vi har nok folk med til å konkludere: Ja, vi gjer det, seier Nakken.
20 kandidatar
Nakken anslår at traineeprogrammet vil ha med rundt 20 kandidatar, fordelt på 16-22 bedrifter, når programmet startar i august i år. En del av bedriftene som er med kjem ikkje til å ta inn traineear før neste år, men blir med frå start for at programmet skal kome i gang.
Trainee-ordningar er eit rekrutteringsprogram der kandidatane arbeider eitt eller to år i ei bedrift.
Ordninga på Sunnmøre skal ha begge alternativa, og skal rekruttere folk med både bachelor- og mastergrad.
Poenget er å både gjere seg kjend med ulike sider ved bedrifta og med næringslivet i regionen.
Kompaniskap
Næringsforeningen Ålesundregionen har gått i kompaniskap med The Assessment Company for å etablere og drive trainee-programmet.
Rekrutteringsselskapet står allerede for det praktiske arbeidet med å gjennomføre eit tilsvarande trainee-program i Innlandet.
Heidi Nakken i Næringsforeningen sa i fjor at samarbeidet sparer næringsforeningen for å etablere ein eigen organisasjon og tilsette folk for å drive programmet.
Korona stoppa forrige forsøk
Næringsforeningen har tidligare forsøkt å etablere eit trainee-program, men det var meir tidkrevende å få med bedrifter enn Næringsforeningen håpa.
Og da ei mogleg lansering nærma seg, kom koronapandemien.
I mellomtida har næringsforeningen fått i gang Talent Sunnmøre, eit rekrutteringsprogram i mindre skala der nytilsette i bedriftene deltek på fleire samlingar i løpet av eitt år. Målet er både å utvikle seg i jobben og lære regionen og næringslivet her å kjenne.
Les bakgrunn:
Les også
Nærare 50 kandidatar har teke kontakt – men ordninga treng fleire stillingar.
Gjer nytt grep for å behalde og rekruttere fleire unge i distriktet.
29 bedrifter med 40 traineestillinger har så langt meldt seg på.
Publisert: 15.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 14.01.2025 21:21