Suksess i Sogn og Fjordane tregt paa Sunnmoere
REKRUTTERING: 80 prosent av dei som er med på trainee-ordninga i Sogn og Fjordane blir verande i bedriftene etterpå. Her er nesten alle kandidatane frå 2017/2018-kullet samla på eit treff på Gaularfjellet i 2018.
Nytt

Suksess i Sogn og Fjordane, tregt på Sunnmøre

Medan Framtidsfylket har rundt 30 traineestillingar i Sogn og Fjordane til neste sesong, strevar Næringsforeningen Ålesundregionen med å få med seg ti bedrifter på Sunnmøre.

12.11.2019
- Eg er litt forundra over at det ikkje er fleire bedrifter som har hengt seg på ordninga. Det er spesielt, sidan vi veit at det blir auka behov for arbeidskraft framover, seier dagleg leiar Bente Lund Jacobsen i Næringsforeningen Ålesundsregionen.
Planen var opphavleg at traineeordinga skulle kome i gang etter sommarferien i år, men responsen gjorde at starten vart utsett eitt år, til 2020/2021.

Ideen er å tilby nyutdanna folk med bachelor eller masterutdanning å arbeide eitt år som trainee i ei bedrift.
- Det er ein smart måte å rekruttere på, seier Lund Jacobsen.

Seks-sju på handa

I dag har Lund Jacobsen seks-sju bedrifter på handa, men vil helst kome opp i ti. Ideelt bør dei vere på plass i løpet av ein månads tid, slik at traineestillingane kan marknadsførast alt frå det årlege rekrutteringsarrangementet "Sjekk inn" i Ålesund i romjula og vidare utover vinter og våren 2020.


650 søkjarar

Til 2019/2020 hadde Framtidsfylket i Sogn og Fjordane 650 søkjarar til 33 stillingar med krav om bachelor- eller masterutdanning.
Framtidsfylket er eigd av næringslivet i Sogn og Fjordane for å bygge merkevare mot arbeidsmarknaden. For neste sesong, 2020/2021, har dagleg leiar Linda Hovland per i dag 24 bedrifter med tilsaman rundt 35 stillingar på handa.
Ho og to kollegaer har heitidsjobbar med å sikre rekruttering til programmet og vise fram kva som finnes av moglegheiter i fylket. Den langsiktige og kontinuerlege jobbinga er nøkkelen til at Sogn og Fjordane har lukkast, meiner Hovland.
- Massiv marknadsføring av karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane heile året, seier Hovland om korleis Framtidsfylket jobbar.
Framtidsfylket profilerer ledige jobbar både i sosiale media, eiga nettside og nyheitsbrev - som i dag har 6000-7000 abonnentar.

Starta i 2005

Traineeprogrammet i Framtidsfylket-regi starta med seks-sju bedrifter i 2005.
Omlag 80 prosent av dei som er med i programmet held fram i bedriftene etterpå, i følgje ein spørjeundersøkjing.
Trainee-kandidatane blir tilsett i ei bedrift og er der heile trainee-perioden, men møtes på fem-seks tredagarssamlingar i løpet av traineperioden. Eit viktig poeng med samlingane er å bli kjent og å bygge nettverk, men og å utveksle erfaringar og besøke mange deler av næringslivet i fylket.

Publisert: 12.11.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44