Det er fiskeri som er framtida
MED EIGEN BÅT: Fullbefarne fiskarar, men først no med eigen båt. F.v. Kent-Are Kvalsvik, Tomas Remøy og Tom Christian Nygard.
Nytt

- Det er fiskeri som er framtida

Ungdomeleg arbeidslyst og ein hjelpsam far i bakhand. Det er oppskrifta bak tre unge herøyfiskarar si satsing på å skaffe seg sitt eige levebrød.

Administrator
13.02.2016
- Det er gutane som skal skape resultatet, og det kjem dei heilt sikkert til å greie når dei berre får begynt.
- Båten skal bli bra, og kvotar har dei også så det held, seier Bård Remøy, far til ein av dei tre karane i slutten av 20-åra som har kjøpt seg storsjark med kvotar frå Vigra.

- Sikker investering

2,2 millionar kroner har den røynde offshoreskipperen stilt opp med for at sonen Tomas (28) skal få gjort draumen om eigen båt til røyndom saman med to av jamaldringane sine.

- Eg veit kva desse gutane står for, og eg er ikkje i tvil om at dei etter kvart vil greie å løyse meg ut. Dette ser eg på som ei sikker investering, ja sikrare enn å ha pengane på børs, smiler frilansskipperen frå Remøya.

Lett å finansiere

Med eigenkapitalen på plass gjekk det veldig greitt å få finansiert prosjektet til ein sum som kjøparane har lova seljaren at dei ikkje skal gå ut med.
- Du får ikkje vite prisen, men når vi legg verdien på båt og kvotar til grunn så var prisen til å leve med, seier Remøy.
Positive svar frå både Nordea og Sparebanken Møre vitnar om at han ikkje er den einaste som har tru på konseptet og satsinga til dei tre unge herøyfiskarane som begynte å drive sjøen med det same dei kom seg fri skulen.

- Skal gå veldig bra

Men det er først no dei blir ansvarlege for eigen båt, og det er eit ansvar dei vil ta godt vare på.
- På det vi har av kvotar, og med dagens prisar, skal vi greie å fiske for minst tre-fire millionar kroner. Då vil dette gå veldig bra det, seier dei to kompanjongane Tomas Remøy (28) og Kent Are Kvalsvik (27).
Tom Christian Nygard) er ikkje medeigar frå starten av, men planen er at han etter kvart skal kjøpe seg inn saman med dei to andre. 28 år gammal kan han allereie dokumentere 11 år som linefiskar. Også Kent Are har tent alle sine pengar på sjøen. Dei siste seks åra som fiskar på trålaren Hopen.

Farvel til offshore

Tomas derimot følgde i faren sine fotspor og satsa på ei karriere i offshore. Som overstyrmann i Rem Offshore var han snart klar for opprykk til skipper då han bestemte seg for å bryte tvert og satse på fiskeri.
- Eg hadde jobben min framleis, men risikoen var vel til stades for at det etter kvart også ville bli min tur til å måtte gå frå borde. Så når vi fekk denne sjansen var valet eigentleg ikkje så vanskeleg å ta, seier han.
Slik framtida teiknar seg for sjøfolk i offshore ser ikkje 28-åringen det som noko nedgradering å byte ut offshorefartyet med sjarken.
- Oljeeventyret har vi bak oss, så fiskeri er nok det tryggaste å byggje framtida på. Låge renter og gode prisar gjer at det no er rette tida for den som har planar om å satse, seier Tomas som vil gi båten namn etter sonen Odin.

Ein jobb å gjere med båten

Planane for drifta er klare, men før dei kan få garna i sjøen har Tomas, Kent-Are og Tom ein jobb å gjere med ein båt som er prega av å ha lege halvtanna år utan å vere i bruk. Den jobben er dei godt i gang med, og om eit par-tre veker vil alt vere klart til å gå nordover på torsken med 450 flunkande nye hestekrefter i maskinromet.
Maskina som stod om bord kunne nok ha greidd seg den også, men for å sleppe problem og nedetid så vil dei at det vitale utstyret om bord skal vere nytt og driftssikkert.
Med ny maskin, nyoverhala gir og ny hydraulikk er dei tre snart klare til å starte på nedbetalinga av båten. Dei har 102 tonn med torsk som skal hentast, og om lag det same med sei og hyse. Makrellkvote var også med på kjøpet.
- No tek vi berre det mest nødvendige, men på sikt skal alt fiksast opp både inn- og utvendig. Då skal det bli båt av det. Berre vent og sjå.
På det vi har av kvotar, og med dagens prisar, skal vi greie å fiske for minst tre-fire millionar

Publisert: 13.02.2016 07:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53