Vegard Saevik Hege Saevik Rabben Per Saevik Njal Saevik foto Marius 1
NESTE GENERASJON: Neste generasjon i Sævik-familien er klare til å ta over roret i Havila-konsernet. Frå venstre: Vegard Sævik, Hege Sævik Rabben, Per Sævik og Njål Sævik framfor Havila-bygget på Mjølstadneset. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Det er nok på tide at dei får frie taumar

Neste generasjon Sævik overtek kontrollen i Havila.

Marius Rosbach
13.12.2025

Fredag kom nyheita om at Per Sævik gir seg som konsernleiar i Havila, og gir roret i familieverksemda til dei tre borna. 

– Det er nok på tide at dei får frie taumar og får gjere som dei vil, seier Per Sævik til Nett No om avgjerda om at neste generasjon tek over leiinga. 

Tidlegare i veka var Nett No mellom dei som møtte 84-åringen – som fyller 85 år den 15. desember – til eit intervju i forkant av annonseringa. 

– Vi tre syskena arbeider uansett saman
Vegard Sævik er yngst og den som skal overta ein del av rollene til faren i konsernet, når Per Sævik no trår tilbake. Han tek mellom anna over rolla som dagleg leiar i Havila Holding. 

47– åringen ser ikkje for seg at det blir noko stor skilnad og påpeiker at det ikkje er snakk om nokon «palassrevolusjon».

– Det er i første rekke formelt at eg vil stå oppført i ein del av dei rollene han har hatt. Vi tre syskena arbeider uansett saman i eit fellesskap, seier Vegard. 

Søstera Hege Sævik Rabben fortel at syskena er glad for at faren fortsatt blir ein del av kvardagen på Havila-bygget.

– VI håpar at han vil bruke kontoret lenge framover endå, og kjem innom med gode råd, seier ho. 

Dette er Havila-konsernet

Havila-konsernet hadde eit superår økonomisk i fjor. Rekneskapen viste ei omsetning på drygt 3,3 milliardar og eit overskot før skatt på nær tre milliardar. 

Effektar frå salet av Fjord1-aksjane var sterkt medverkande.

Havila Holding består i dag mellom anna av: 

  • Shippingverksemd med 20 skip i Havila Shipping og Havila Subsea & Renewables. 
     
  • Tre hotell i Ørsta, Geiranger og Grodås i Havila Hotels.
     
  • Havila Kystruten som trafikkerer strekninga Bergen-Kirkenes med fire skip. 
     
  • Havila Biogass planlegg å etablere seg ulike plassar i landet. Eitt anlegg er ferdig, eitt er under bygging og fleire har fått innvilga støtte frå Enova. 
     
  • Havila Sirius – ein oljerigg som er på langtidskontrakt med Repsol.
     
  • Betydeleg eigedomsverksemd, i tillegg til medeigarskap i Smyril Line på Færøyane. 

– Vi håpar at han framleis tek telefonen
Alle borna har på ulike vis vore med i familiens forretningsliv store delar av livet. 

Njål Sævik leiar shippingverksemda i Havila Shipping og Havila Subsea & Renewables, medan Hege Sævik Rabben har ein rekke styreverv i konsernet. 

– Vi har vore involvert i drifta i fleire tiår allereie, så det er ingen stor endring. Men det er klart at det vil vere eit sakn at han kanskje vil vere mindre på kontoret og ein mindre pådrivar på ein del ting som har vore hans styrke, seier Vegard. 

Så lenge helsa til faren held, reknar han uansett med å få høyre kva han meiner.  

– Vi håpar at han framleis tek telefonen når vi ringer, seier han.

Per Saevik portrett foto Marius 2
HELD PÅ KONTORET: Per Sævik har tenkt til å behalde hjørnekontoret ved Havila-bygget og skal mellom anna følgje opp verksemda til konsernet på Færøyane. Foto: Marius Rosbach

Vil framleis skape arbeidsplassar
Sævik-syskena fortel at det framleis vil vere viktig å skape arbeidsplassar – i tråd med tradisjonen til faren. 

Men Njål Sævik påpeikar at høgare skatterekningar er med å vri verksemda i meir finansiell retning. 

– Er det ein ting vi har lært frå offshore, er at du er nøyd til å ha likviditet. Det er ei rekning som kjem fire gongar i året, pluss at det som regel kjem restskatt, og den får vi iallfall ikkje utsetting på, seier han. 

– Vi skal framleis vere investert i industri, samtidig skal vi ha ein større del av balansen i finansielt samanlikna med kva det har vore historisk, seier Njål. 

Meir til forvalting og mindre til drift
Med andre ord: Framover vil meir av kontantane i Havila-konsernet vil framover vere sett av til forvalting – og mindre til dei operative drifta av verksemdene.

– Kjøpe lottokupongar, foreslår broren Vegard frå sidelinja på spøk om korleis dei kan auke verdiane. 

Før Per går tilbake på kontoret har han noko å legge til. Han har høyrt borna få spørsmål om den meir finansielle retninga for konsernet. 

– Det verkar så langt vere ei fornuftig avgjerd, seier han før han snur seg går inn i Havila-bygget. 

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.

Publisert: 13.12.2025 05:00

Sist oppdatert: 13.12.2025 02:54

Mer om