Per Saevik portrett foto Marius
GIR SEG SOM KONSERLEIAR: I ein alder av snart 85 år trekker Per Sævik seg som leiar for Havila-konsernet. Rollene blir overteke av borna, men han reknar med å «kome innom nokre gonger i veka». I dette intervjuet fortel han mellom anna at han gjerne skulle hatt ein pelagisk trålar i verksemda. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Per Sævik gir seg som konsernleiar

Havila-sjefen blir ikkje heiltidspensjonist. Avslører sakn i konsernets varierte portefølje i stort intervju. 

Marius Rosbach
12.12.2025

Fredag kveld vart det sendt ut ei pressemelding om at Per Sævik gir seg som leiar av Havila-konsernet. 15. desember fyller nestoren i sunnmørsk forretningsliv  85 år.

I eit intervju med Nett No denne veka fortel veteranen at det er hans eiga avgjerd at dei tre borna no tek over roret i familieverksemda. 

– Eg brukar seie at når du skal vere leiar, så må du evne å gå fremst i toget og bere flagget, og det er jo kjent at når du er 85 år, så er du ikkje 20 lenger. Slik sett er det naturleg å gi seg, seier han.

Blir ikkje pensjonist på heiltid
Men. Sjølv om han trår til side i konsernleiinga, er det ikkje eit heilt ordinært pensjonistliv han skisserer framover. 

– Eg har sagt at eg vil behalde kontoret, også skal eg følgje opp aktivitetane våre på Færøyane som ikkje er heilt ubetydelege, seier han. 

Verksemda han snakkar om inkluderer ferjereiarlaget Smyril Line og eigarskapet i offshorereiarlaget Skansi Offshore. Førstnemnte har mellom anna to 190 meter lange ro-ro-skip under bygging i Kina. 

Ja, også skal han «halde litt på med noko industriverksemd» på Knarvik nord for Bergen i samarbeid med ein lokal aktør.

– Det er i liten målestokk, men det er no ein kjekk butikk å drive med. Så får vi sjå etterkvart korleis det blir framover, seier han. 

Dette er Havila-konsernet

Havila-konsernet hadde eit superår økonomisk i fjor. Rekneskapen viste ei omsetning på drygt 3,3 milliardar og eit overskot før skatt på nær tre milliardar. 

Effektar frå salet av Fjord1-aksjane var sterkt medverkande.

Havila Holding består i dag mellom anna av: 

  • Shippingverksemd med 20 skip i Havila Shipping og Havila Subsea & Renewables. 
     
  • Tre hotell i Ørsta, Geiranger og Grodås i Havila Hotels.
     
  • Havila Kystruten som trafikkerer strekninga Bergen-Kirkenes med fire skip. 
     
  • Havila Biogass planlegg å etablere seg ulike plassar i landet. Eitt anlegg er ferdig, eitt er under bygging og fleire har fått innvilga støtte frå Enova. 
     
  • Havila Sirius – ein oljerigg som er på langtidskontrakt med Repsol.
     
  • Betydeleg eigedomsverksemd, i tillegg til medeigarskap i Smyril Line på Færøyane. 

Spent på utfallet av Solstad-saka
Per fortel at han dei siste par åra har vore plaga med ryggen. Men han kryssar fingrane for at kroppen er godt slag igjen etter å ha vore på rehabilitering på Muritunet. 

Han følgjer framleis med på kva som rører seg i verda. Dei siste vekene har han mellom anna lest om rettssaka mellom Røkke og Sveaas i striden om Solstad-reiarlaget. 

Han ler og seier det blir spennande å sjå resultatet. 

– Når ein ser referata frå den store saka, så reflekterer ein over om det går an å nå fram i denne verda med vestlandsk nøkternheit og forsiktigheit. Men det skal ikkje eg gi noko svar på, legg han til. 

Vegard Saevik Hege Saevik Rabben Per Saevik Njal Saevik foto Marius 1
NESTE GENERASJON: Neste generasjon i Sævik-familien er klare til å ta over roret i Havila-konsernet. Frå venstre: Vegard Sævik, Hege Sævik Rabben, Per Sævik og Njål Sævik framfor Havila-bygget på Mjølstadneset. Foto: Marius Rosbach

– Vi har teke vår del av det som har gått feil
Havila har sjølv stått i sine strider der ikkje alle aksjonærane har vore like nøgd. «Dette er grisete» var reaksjonen til investeringsøkonom Tom Haugland i E24 i 2016. 

Saka gjaldt refinansieringa av Havila Shipping etter at bransjen hadde vorte treft av offshorenedturen eit par år tidlegare. 

Per Sævik legg ikkje skjul på at familiekonsernet har hatt sine nedturar – som også har råka andre økonomisk.  

– Eg trøyster meg med at viss medaksjonærane våre har tapt pengar, så har Havila-gruppa tapt meir. Vi har teke vår del av det som har gått feil sånn sett, seier han. 

Når det gjeld nedturen etter oljeprisfallet for drygt ti år siden, seier han den blei både djupare og meir langvarig enn han trur nokon hadde førestilt seg. 

– For offshorenæringa finn du ikkje noko liknande dei siste 50 åra iallfall. At det har vore alvorleg, visast igjen i talet på reiarlag som er redusert, og kor vanskeleg det har vore for heile bransjen, seier han. 

 – Ein assortert landhandel
Per Sævik starta som fiskar på 1950-talet, og slo seg opp på offshore med Sævik Supply frå starten av 1980-talet. 

Sidan har det vorte langt meir variert. 

Gjennom ein mannsalder har han halde i roret i familieverksemda som grovt summert opp utgjer to offshorereiarlag, eit kystrutereiarlag, ein oljerigg og fleire hotell, i tillegg til betydeleg med eigedom. 

 – Ein assortert landhandel, seier 84-åringen om Havila-konsernet og humrar.

Han er snar til å påpeike at dei også satsar betydeleg på biogass for augneblinken, samtidig som han reknare med at havvind vil bli meir viktig for shippingverksemda. 

På oppfølgingsspørsmål om konsekvensane av ein meir finansiell og mindre industriell satsing for konsernet, spelar han ballen vidare. 

– Det må du nesten spørje dei som skal overta om, seier han.

Neste generasjon har allereie lang erfaring
Alle borna har allereie i lang tid vore med  i familieverksemda på ulike vis. 

Njål Sævik er styreleiar i Havila Holding, og har ansvar for shippingverksemda i Havila Shipping og Havila Subsea & Renewables. Systera Hege Sævik Rabben har ein rekke styreverv i konsernet, og eit særskild ansvar for hotellsatsinga. 

Vegard Sævik er mellom anna styreleiar i Havila Kystruten og Havila Biogass. 

Han er yngst og den som skal overta mange av rollene til faren når han no trekk seg tilbake.

Bent Martini Per Saevik foto Marius 11
KANTINA: Per Sævik med Havila Kystruten-sjef Bent Martini i kantina på Havila-bygget. 84-åringen vil vite korleis det har gått med pressedekninga av eit nyleg arrangement. Foto: Marius Rosbach

Kystrute-oppstarten: – Ein ualminneleg tung motbakke
På spørsmål om kva han er mest nøgd med av dei ulike delane av familieverksemda i dag, peiker han på Havila Kystruten - i tillegg til dei to offshorereiarlaga.

Utfordringane i oppstarten for Havila Kystruten kom på rad og rekke med skifte av byggeverft, koronabrems og påfølgjande trøbbel for finansiering som følgje av Russland-sanksjonar.

– Det var ein ualminneleg tung motbakke, seier han.

I dag har reiarlaget ei langsiktig finansiering på plass og inntektene er på veg mot nivået dei bør vere på, meiner veteranen.

– Det er kanskje det mest positive, fordi Kystruta hadde potensial i seg til å skape skikkelege problem for konsernet, medgir han. 

– Har betre føresetnader til å ta dette vidare
Då Per Sævik fylte 80 år under koronapandemien, var han tydeleg på at det ikkje var eit passande tidspunkt å trå til side på. At økonomien no er under kontroll i Havila Kystruten, er ei medverkande årsak til at tidspunktet er kome. 

–  Sånn sett passar det betre i dag å takke for laget, og vere takksam for det ein har opplevd og vore med på.

–  Også er det klar at våre tre etterkomarar har betre føresetnader til å ta dette vidare, enn eg nokon sinne har hatt – saman med mange gode medarbeidarar. Eg føler at ting no iallfall er rimelig greit, legg han til. 

Vegard Saevik Bent Martini foto M Arius
PÅ MOT BALANSE: Styreleiar Vegard Sævik (t.v.) og reiardirektør Bent Martini i Havila Kystruten under ein rundtur nyleg der dei demonstrerte seglas på biogass. Reiarlaget er på veg mot balanse etter ein tøff oppstart. Foto: Marius Rosbach

Oppturane sitt sterkast i
Humor har alltid vore viktig for herøyværingen - også i forretningslivet. 

Sjølv om det har vore nokre nedturar, er det oppturane som sitt sterkast i for Per Sævik. Han meiner det er viktig å ikkje bli prega av dei. 

– Då vil avgjerdene dine vere prega av at «alt kan gå gale». Og viss du har den tilnærminga til ting, så skjer det iallfall ikkje noko. Difor kan du ikkje la det bli styrande for det du held på med, seier han. 

– Samtidig er det nødvendig å ta lærdom av nedturane og sjå kva ein gjorde feil – og sørgje for å ikkje gjere same feilen fleire gonger, legg han til. 

Fjord1-salet var «smertefullt»
Å bygge arbeidsplassar har heile tida vore eit uttalt mål for Havila-konsernet under Per Sævik. Slik sett var salet av Fjord1 ein nedtur for han personleg. 

– Smertefullt, seier han om at dei i 2023 såg seg nøyd til å selje sin halvpart i landets største ferjeselskap. 

Konsekvensen av salet med nær 1200 tilsette førte til om lag ei halvering av arbeidstokken i konsernet. I dag har Havila kring 1500 i arbeid. 

Sævik ergrar seg litt over forskjellsbehandlinga ved at utenlandske investorar slepp formuesskatten. 

Per saevik havila capella pa dekk foto kjetil 11
TIL SJØS: Per Sævik trivst godt til sjøs og har ofte sagt at han først og fremst seg på seg som ein fiskar. Her om bord på jomfruturen til skipet Havila Capella. Arkivfoto: Kjetil Haanes

Kunne ikkje kjøpe ut USA-partnarane
Då nyheita om Fjord1-salet ble, kunngjort, peika Havila-konsernet på auka eigarskattar som årsak.

Per fortel at det ikkje var mogleg for familien å låne fleire milliardar for å kjøpe ut dei amerikanske partnarane – samtidig som dei hadde utfordringane med Havila Kystruten. 

84-åringen vil likevel ikkje seie at Fjord1-salet har vore ein nedtur av dei store.  

– Det kan eg ikkje seie. Vi fekk så mykje pengar at vi kan vel ikkje klage, seier han og humrar. 

Vi fekk så mykje pengar at vi kan vel ikkje klage
Per Sævik

Heldig om ein lukkast som gründer i to av ti tilfelle
Sjølv om Havila-konsernet består av store selskap med fleire hundre tilsette, ligg det eit alvor bak orda når Per Sævik omtalar verksemda som ein «assortert landhandel». 

Han påpeiker at dei har vore med på svært mange satsingar i mindre skala og investert i ein rekke oppstartsverksemder – med «vekslande hell», som han seier. 

– Om ein satsar på gründerverkemd, så trur eg du kan rekne deg som heldig om du lukkast i to av ti tilfelle. Lukkast du med eitt av ti, så er det eigentleg greitt, seier han. 

– Nett No eit spennande lokal satsing 
Bakkar og Berg Media, som er utgivarselskapet til Nett No, er mellom dei mange mindre gründerverksemdene Havila-konsernet har investert i. I dag eig dei 45 prosent av aksjane. 

Sævik påpeiker at konsernet i ei årrekke har vore engasjert i mediebransjen som eigarar av Skipsrevyen og personleg som mangeårig styremedlem i Sunnmørsposten. 

– Også var Nett No eit spennande lokal satsing starta av entusiastar i området her. Sånn sett var det interessant for oss å bakke prosjektet, og så langt har det vore greitt, seier han. 

Sævik har ikkje vore redd for å uttale seg til journalistar, samtidig som han har fått sin del av negativ omtale. Det har han ikkje noko problem med. 

– Eg klagar ikkje på media. Dei har sin jobb å gjere, og så lenge det gjerast ut frå saklege kriteria, må ein akseptere at det ikkje alltid er positive vinklingar på ting, seier han. 

Per Saevik med skute foto Marius
GRUNNLAGET: Når Per Sævik blir spurt kva for eit fartøy han helst vil bli avbilda med, veljer han seg den seglskuta Ranhild som farfaren og tre andre kjøpte i 1902. Den la grunnlaget for familieverksemda seinare. Foto: Marius Rosbach

Håper å bruke meir tid på bedehuset
Som uttalt haugianar med sans for nøysemd, er mykje av det Per Sævik står for ein motvekt til materialismen som pregar notida. 

Då herøyværingen passerte 80 år uttalte professor Ola Honningdal Grytten at etikken og filosofien til Sævik og familien, kunne vere et rettesnor for mange i forretningslivet. 

Nettopp bedehuset er ein plass Sævik håpar å tilbringe meir tid framover. Han var i fleire år primus motor for årlege Haugeseminar i Fosnavåg og blir framleis spurt om å delta i det lokale foreiningslivet. Då seier han helst ja. 

– Det er kanskje noko av det eg håpar å få meir tid til no, når eg kan disponere meir av tida mi sjølve, seier han.

«Angrar ikkje ein dag» på at han slutta i politikken
Per Sævik er ein av få næringslivsleiarar som har vore representert på Stortinget frå Nordvestlandet dei siste tiåra.

I 1989 blei han valt inn for Kristeleg Folkeparti, som han framleis reknar som «sitt parti» - men han ga seg etter ei periode. Han seier han er takksam for opplevingane, men fann ut at det ikkje var politikk han ville bruke livet på. 

– Når du er kring 50 år må du liksom bestemme deg for kva du skal bruke resten av livet på. Eg angrar ikkje ein dag på at eg beslutta etter ei periode på Stortinget, at nok var nok, seier han. 

Han er snar med å legge til at det etter hans meining bør vere ei avgrensing på tre stortingsperiodar for alle politikarar. 

Per Saevik portrett foto Marius 2
GOD UTSIKT: Per Sævik har tenkt til å behalde hjørnekontoret med god utsikt til skipstrafikken i leia forbi. Han fortel at noko av det som imponerer ham mest er dei nye pelagiske trålarane. Foto: Marius Rosbach

Kjempar mot formuesskatt og for skipstunnel
Formuesskatten og Stad skipstunnel er mellom sakene han framleis er levande engasjert i. For augneblinken ser han ikkje ut til å medvind i nokre av sakene, sjølv om han er spent på utfallet av skattekommisjonen til Stoltenberg. 

– Viss det er provenyet som er problemet – noko eg ikkje trur fordi det er tilsynelatande nok pengar i systemet – så burde man heller legge på selskapsskatten ein prosent, seier han. 

Han fortel korleis dei spesielt under offshorekrisa, opplevde det som «blodig urettferdig» å måtte betale skatt på «verdiar som ikkje finst, og pengar du ikkje har», seier han. 

Når det gjeld skipstunnelen har ikkje Sævik gitt opp håpet, og han påpeiker at kostnadene nyleg er blitt redusert noko. 

– Mitt håp er at sentrale krefter i  «Oslo-gryta» får auga opp for kor viktig denne investeringa er, både for sikkerheita langs kysten – men ikkje minst korleis det vil opne opp for reiseliv og turisme. Det blir jo ein verdssensasjon, seier han. 

Saknar ein pelagisk båt i porteføljen
Sjølv om Per Sævik helst omtalar seg som fiskar, er ikkje båt og teiner ein del av dagleglivet hans i dag. 

– Det er ein herleg oppleving å få kome seg på sjøen, men eg er ikkje ute og fiskar sjølv, seier han.

Frå hjørnekontoret på Havila-bygget følgjer han dagleg med på kva som rører seg på sjøen. På hylla bak kontorstolen står ein kikkert og mange av båtane legg til kai få meter frå glaset.

Han fortel at han er spesielt imponert over dei nye pelagiske fiskebåtane som kjem innom, og legg ikkje skjul på at det er eit sakn i familieverksemda. 

– Når eg er på fallreipet av mi karriere, må eg innrømme at eg kunne tenkt meg at vi hadde hatt ein slik båt i porteføljen. Men det er eg ikkje sikker på om mine etterkomarar har særleg sansen for, seier han - og humrar igjen. 

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.

Publisert: 12.12.2025 19:30

Sist oppdatert: 12.12.2025 20:10

Mer om