- Det heile står og fell på koronautviklinga. Ei vaksine er framleis langt fram. I Noreg og Norden er skulane og etterkvart arbeidslivet i ferd med å kome attende til meir normalitet. Det store spørsmålet er ikkje temperaturutviklinga, men om vi vil få nye bølgjer med korona.
Det fastslår kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi i månadsrapporten for mai.
- Her i nordvest fekk vi likevel eit anna inntrykk, og spesielt Vestlandet og Midt-Noreg hadde ein særs kald og våt mai-månad med 2,5 til 3 gradar under normalen, og 2 til 3 gonger normalnedbøren.
- Mange er overraska over kor fort denne innhentinga har kome, og difor er det framleis uro for korleis fortsettinga blir. Arbeidsløysa i Europa og USA er dramatisk høgare enn før krisa, og det er stor merksemd rundt kor fort normaliseringa av økonomien kan gå.
- Global økonomi slit med negativ vekst, arbeidsløyse, korona og no sist, sosiale opptøyer både i USA og Frankrike. Ulike kommentatorar gir uttrykk for at aksjemarknadene er for optimistiske, skriv Havåg.
– Det er no så mykje snø i fjellet at det ikkje vil vera plass til alt vatnet i magasina. Mykje vil renna forbi kraftstasjonane.
- Vatnet har difor ingen eller svært liten alternativ verdi vidare utover sommaren og tidleg haust, seier analysesjef Tor Reier i konsulentselskapet Wattsight til e24.
Men no er forventningane at mot slutten av året og utover vinteren er det venta at straumprisane vil ta seg opp igjen.
I mai var spotprisen i Nordvest på 9,6 øre/kWh, mot berre 4,7 øre/kWh i april.
Tussa Energi har no ein fastpris ut året på 21,52 øre/kWh, og for neste år på 29,28 øre/kWh, slik at selskapet forventar kraftig prisauke.
Det fastslår kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi i månadsrapporten for mai.
Særs kald mai
Han viser til at temperatursnittet for Noreg var 1,1 grad under normalen i mai, medan nedbøren vart 110 prosent.- Her i nordvest fekk vi likevel eit anna inntrykk, og spesielt Vestlandet og Midt-Noreg hadde ein særs kald og våt mai-månad med 2,5 til 3 gradar under normalen, og 2 til 3 gonger normalnedbøren.
Marknaden hentar seg inn
Han viser til at gjennom mai har dei globale marknadene for aksjar, olje og klimakvotar har henta seg mykje inn att etter fallet i mars og april.- Mange er overraska over kor fort denne innhentinga har kome, og difor er det framleis uro for korleis fortsettinga blir. Arbeidsløysa i Europa og USA er dramatisk høgare enn før krisa, og det er stor merksemd rundt kor fort normaliseringa av økonomien kan gå.
- Global økonomi slit med negativ vekst, arbeidsløyse, korona og no sist, sosiale opptøyer både i USA og Frankrike. Ulike kommentatorar gir uttrykk for at aksjemarknadene er for optimistiske, skriv Havåg.
- Ikkje plass til alt vatnet
Store snømengder gjer at kraftmagasina no blir tappa for å gje plass til snø som smeltar. Det gjev lågare straumprisar enn på lenge.– Det er no så mykje snø i fjellet at det ikkje vil vera plass til alt vatnet i magasina. Mykje vil renna forbi kraftstasjonane.
- Vatnet har difor ingen eller svært liten alternativ verdi vidare utover sommaren og tidleg haust, seier analysesjef Tor Reier i konsulentselskapet Wattsight til e24.
Forventar prisauke
Eit resultat av dette er at forbrukarane kan gle seg over lågare straumprisar enn på lenge, sidan kraftselskapa vil prøva å selja unna medan dei kan få litt betalt. Kraftbørsen Nord Pool registrerte onsdag den lågaste dagsprisen på straum sidan 14. august 1993.Men no er forventningane at mot slutten av året og utover vinteren er det venta at straumprisane vil ta seg opp igjen.
I mai var spotprisen i Nordvest på 9,6 øre/kWh, mot berre 4,7 øre/kWh i april.
Tussa Energi har no ein fastpris ut året på 21,52 øre/kWh, og for neste år på 29,28 øre/kWh, slik at selskapet forventar kraftig prisauke.
Vatnet har difor ingen eller svært liten alternativ verdi vidare utover sommaren og tidleg haust
Publisert: 04.06.2020 13:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58