Sylvi Listhaug frp Norske Skipsverft Ogne Oyehaug
Partileiar Sylvi Listhaug i Frp var ein av innleiarane på Norske Skipsverft sitt arrangement, Næringspolitisk Dag, i Ålesund i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Dette vil Sylvi Listhaug gjere for verfta

Frp-leiaren vil bygge fregattar i Noreg, tvinge gjennom ei garantiordning for skipsverfta og oppheve innleigedirektivet.

24.10.2024

Noreg bør gripe sjansen til å bygge fregattar i Noreg med begge hender. Det fortalde Sylvi Listhaug til deltakarane på Norske Skipsverft sitt arrangement, Næringspolitisk Dag, i Ålesund torsdag.

I langtidsplanen for Forsvaret varsla Regjeringa tidlegare i år at det skal byggast 28 nye skip til forsvaret. Dei skal byggast i Noreg.

I tillegg skal det byggast fem nye fregattar, men der kom det ingen krav om norske verft. Etterpå har Vard meldt seg på, og vil at også fregattane blir bygd i Noreg.

Oppheve innleigedirektivet
Fregattbygging i Noreg er berre eitt av fleire tiltak som Frp og Listhaug vil gjennomføre - om partiet får makt til å styre etter neste val.

Frp vil oppheve innleigedirektivet, som begrensar verfta sitt høve til å leige inn folk gjennom bemanningsselskap.

Verfta skal få ei forskotsgarantiordning som gjer det lettare å få finansiert bygging av nye skip. Om naudsynt må Eksfin instruerast om at ei slik ordning skal bli ein del av tilbodet til norske verft.

På lengre sikt må skulen endrast slik at fleire vel utdanning som kvalifisere til å arbeid i yrke det er behov. 

Det skal mellom anna skje ved at utdanningstilbodet i grunnskulen blir meir variert.  Også dei som folk på Sjøholt - ifølgje Listhaug - seier har «makk i raua», skal få eit tilbod som gjer at dei kjenner på å ha lukkast på skulen.

Subsidiekutt
Det verfta derimot ikkje kan rekne med frå Frp, er subsidiering av såkalla grøne prosjekt. 

Det omfattar mellom anna havvindutbygging og støtte til batterifabrikkar. Listhaug vil heller prioritere skattelette, i staden for å drage inn pengar for å la byråkratar deretter sitte og handsame utdeling av pengane.

– I staden for å dele ut til einskildprosjekt, set vi ned skattar og avgifter, seier ho.

Store ringverknadar
Berre Vestfold ligg an til å få større positive ringverknadar enn Møre og Romsdal dersom planane om å bygge 28 nye krigsskip blir sett ut i livet. 

Det er konklusjonen i ein rapport Menon Economics har laga på oppdrag for Maritimt Forum, Norsk Industri, LO og NHO tidlegare i år.

I alt 56.500 årsverk blir sysselsettingeffekten. 23.500 av dei kjem under bygging av fartøya, resten i vedlikhald og reparasjonar etterpå.

(Rapporten omfattar ikkje ringverknadar av ei eventuell bygging av fregattane i Noreg, red. merk).

Publisert: 24.10.2024 12:58

Sist oppdatert: 25.10.2024 10:02

Mer om